onsdag 13. november 2013

Bok: Ekornene i Central Park er triste på Mandager

No har eg lese ferdig den foreløpig siste boka i Katherine Pancols serie om den franske kvinna Joséphine. No har det kome så langt at det er vanskeleg å lage ein omtale utan å røpe for mykje, men eg har i alle fall skrive ned baksideteksten, som òg er ein del av boka.

Noen ganger leker livet gjemsel.
Det gjemmer edelstener og diamanter og kostbare gaver i gamle skur, under en brukt bussbillett, bak ukjente blikk på trikken.
Det som er viktig er detaljene. Detaljer er akkurat som de småsteinene som viser veien hjem. brutale og travle mennesker, de som møter livet med boksehansker og knuser småstein under aggressive skohæler, mister sansen for detaljer. de tror de kaster bort tiden når de bøyer seg ned og betrakter en mynt, et gresstrå, en manns skjelvende hånd.
Men den som bøyer seg, kan stoppe tiden og bli var de vakre diamantene i en fremmeds skjelvende hånd.
Og livet blir aldri mer trist. Verken på lørdag eller søndag eller mandag.

Det beste med bok tre i serien er dei korte avsnitta. I tillegg synes eg at den autorale synsvinkelen er fordelt på ein veldig bra måte. Ein blir på ein måte endå betre kjent med alle karakterane, og utviklinga skjer med stormskritt her. Det er 807 sider med kvardagsdramatikk.  Hendingane i boka føregår i alt frå Paris til London til New York. Kjærleiken er sentral, men ikkje dominerande.

Det beste med Katherine Pancols bøker er den lite overforklarande forteljarstilen. den er meir essayisitisk. Med det meiner eg undrande og reflekterande. Gjennom denne måten å skrive på set ho i gong lesarane sine tankar rundt dei ulike temaa. Det er kanskje difor bøkene er så lette å falle for, rett og slett fordi dei ikkje er tanketomme kjærleikshistorier. I tillegg er det ikkje berre kjærleikshistorier mellom menn og kvinner i denne boka, men den viser òg kjærleiken mellom foreldre og barn, veninner og søsken. Boka gir tankevekkande innblikk i ulike relasjonar.

Kva har ei veninne å seie? Kva har sjølvtillit å seie? Går det an å leggje bak seg barndommen og leve vidare, eller må ein leve med det? Korleis skal ein leve livet? Skal ein vere ambisiøs og brøyte seg fram og gjere det ein vil, eller skal ein føye seg etter andre? Det er så utruleg mange spørsmål i boka, og den er så full av gode sitat at skulle eg ha notert all ville eg ha brukt eit år på å lese boka. Eg synes nesten at berre første linje i baksideteksten opnar for refleksjonar av tusen ulike slag. Noen ganger leker livet gjemsel.

Ein skulle kanskje tru at karakterane var lite truverdige i slike bøker. Dei er truverdige, på grunn av relasjonane og karakterane viser sterke og svake sider ved kvarandre, gjennom måten dei samhandlar på. Forventningar er eit godt ord for å beskrive det. I sosiologisk samanheng blir forventningar definert som: Oppfatningar av korleis ein bør oppføre seg og korleis samhandling bør føregå. Dette er ein viktig del av boka. Karakterane sine forventningar til kvarandre og til seg sjølve gir sterke og svake sider til kvarandre, og her hjelper òg den autorale synsvinkelen, ved at ein veit kva alle forventar av seg sjølv og dei rundt.

Hortense er akkurat som i dei andre bøkene ein viktig karakter. Eg må seie at eg ser litt opp til henne på grunn av den ambisiøse veremåten og sjølvtilliten. Det skal utruleg mykje til for at ho mister trua på seg sjølv, men likevel utruleg lite. Ho brøyter seg fram og vil vise igjen overalt. A shining star. Samstundes er ho lite klar over sine eigne kjensler, og på mange måtar er ho umenneskeleg. Ho stenger ute alle kjensler som kan verke negativt og er redd for å overgi seg. Ho må vere uavhengig.

Boka vart litt langtrukken. Den kjente eg veldig på medan eg las. Det gjekk lang tid frå eg las den første sida til den siste sida, og eg blanda av og til saman handlinga med det som skjedde i Skilpaddens langsomme vals fordi det meste verka så lenge sidan. Likevel gjekk slutten fort, og eg skulle no ønske at det var endå fleire sider, for eg vil ikkje vere ferdig. Eg kjenner meg ikkje klar til å ta farvel med desse fantastiske karakterane eg har hatt i livet mitt den siste månaden. Då eg skreiv om dei norske ungdomsromanane, skreiv eg at det var akkurat som om du berre følgde etter ein person, ikkje som om du var personen, at dei berre gav eit inntrykk av overvaking. Desse bøkene er det motsette. Eg føler at eg er i Paris, at eg er i London, at eg er i New York.

Fotnotane nedst på sidene var òg veldig distraherande. Dei skulle referere til dei andre bøkene, når det var snakk om handling frå dei. Likevel fekk eg ikkje med meg fotnoten, men berre at det sto noko med lita skrift nedst på sida, og då måtte eg sjå etter det vesle teiknet på sida, for å ikkje irritere livet av meg. Fotnotar er noko som eg ikkje liker i det heile, men det er meg. Det har eigentleg ikkje mykje å seie for den litterære kvaliteten på boka.

Forresten, nokon som veit om det skal komme fleire bøker i serien? Det er eg veldig usikker på. Eg har veldig lyst til at det skal vere slutt no, fordi det var ein fin og verdig avslutning, samstundes som eg gjerne vil lese meir om Joséphine, Hortense, Zoe og dei andre folka frå bøkene til Pancol.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Tusen takk for kommentaren din! :) Velkommen tilbake seinare

søk i bloggen min

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...