mandag 15. juli 2013

Bok/biografi: Det vi kan stå for av Geir Lippestad

Geir Lippestad har heilt sidan 23. juli 2011 vore eit kjent andlete i Noreg. Etter at han påtok seg oppgåven som forsvararen til Anders Behring Breivik har han fått mykje merksemd. I periodar var han nesten på nyheitene kvar dag. I mars 2013 kom boka hans, Det vi kan stå for ut. Boka er både om han, men òg om verdiar og den styrken rettstaten er for Noreg. "En klok bok om verdier" skreiv Stian Bromark i Dagsavisen. Det er eg einig i.
Da jeg bestemte meg for å skrive denne boken, var det verken for å gi Anders Behring Breivik, de andre aktørene i 22. juli-saken eller meg selv mer oppmerksomhet. Vi er alle eksponert så det holde; i halvannet år gikk det knapt en dag utan at noen av oss ble omtalt i et eller annet medium et eller annet sted i verden.
Som forsvarere for terroristen sto vi midt i stormen og måtte balansere flere hensyn enn noen andre - ikke minst av hensynet tilde verdiene som Breivik ville ødelegge, men som han selv like fullt var omfattet av. Hvordan vi lyktes, får andre vurdere. Selv har jeg en følelse av at vi til slutt kom helskinnet fra det. 

Dette er måten Lippestad opnar boka på, og eg trur dei fleste får stor at det ikkje er merksemda som får han til å gi ut boka. Under heile rettssaken gjekk han med ein gul post-it-lapp i lomma kor det stod:
Verdikommunikasjon=
- Rettssikkerhet
- Demokrati
Mykje av boka handlar om nettopp verdikommunikasjon. Korleis kan me bringe vidare dei viktige verdiane i samfunnet? Kvifor er dette viktig? Han skriv bra om å kunne formidle verdiar vidare til barn og unge. I staden for å ta frå ekstremistane ytringsfridommen meiner han at ein kan kjempe mot desse verdiane ved å gi dei unge kunnskap. Han gir òg tydeleg uttrykk for at det var rettstaten han forsvarte, då han forsvarte Breivik, og ikkje meiningane til Breivik. Dette trur eg er noko me alle forstod på måten han opptredde på i media. Han er langt frå nokon høgreekstremist, han er faktisk medlem av AP, og han det han sa var klart og tydeleg det Breivik meinte og ikkje det han sjølv meinte. Han skriv i boka at mange gonger fekk han kjeft for kva han sa, men slik som han skriv var det hans oppgåve å ivareta Breiviks interesser på ein ansvarleg måte og å opptre ærleg. Eit viktig prinsipp for Lippestad var at han ikkje trengte å seie heile sanninga, men at det han sa skulle vere sant.

Han fortel òg om danninga av forsvarsteamet deira. Dei var fire personar som jobba i hop, alle med juridisk kompetanse. Dei hadde ingen kommunikasjonsrådgjevar, av fleire grunnar. Blant anna at ein kommunikasjonsrådgjevar ikkje kunne få innblikk i alt Breivik sa, og difor ikkje kunne vere med på å velje kva dei skulle seie. Verdikommunikasjonen kom òg inn her, for prinsippet deira var å halde fast på at verdikommunikasjon var det viktigaste. Lippestad fekk i forkant mykje kritikk for å ha utlevert Breivik. Eg finn ingen grunnar til å kritisere han for det. For det første var det ikkje mykje overraskande som kom fram. Det meste Lippestad skreiv om Breivik er slik eg har gjetta meg til sjølv, og kven synes det er utleverande å seie at han fekk pizza og cola underavhøyra? Det var nytt for meg. Han hadde òg fått lov til å skrive om det av Breivik, og balansegangen var fin mellom det me fekk vite, og det som me ikkje fekk vite. Trass i alt er det ikkje ei bok om Breivik, men mest om verdiane Lippestad synes det er viktig å oppretthalde. Trass i alt er det den største og mest alvorlege straffesaka i Noreg sidan krigen, og  det at den er så annleis gjer at det kan vere viktig med bøker som dette i etterkant, der verdiane blir diskuterte.

Lippestad skriv òg om familien sin, og mest om den eldste dottera Rebekka som var sjuk under heile rettsaka. Han skriv om kor viktig det har vore for hanå kunne ha henne der, for ho minner han om kor skjørt livet er. Lippetads dotter døydde dessverre for ein månad sidan, og det var då han kom med dei vakre orda:
"Himmelen har fått en ny engel. Rebekka har reist."
(NRK 14. juni 2013)

Barndommen hans blir òg nevnt i boka, og eg forstår at den hendinga han skriv om har sett djupe spor i han, og han skriv at dette er ein av grunnane til at han valte å studere juss. Dette er ein del av kapittelet "En forsvarer blir til" kor han òg fotel om avgjerda han tok då han fekk spørsmålet om å vere Breiviks forsvarar. Å forsvare og oppretthalde den norske rettstaten er viktig for Lippetad, og fleire gonger i løpet av rettssaka var utanlandske media overraska over korleis den norske rettstaten fungerte. Berre det at Breivik fekk taletid var for dei heilt annleis og utenkjeleg.

Ulik mange andre biografiar er Lippetads lett å kome gjennom. Den er på rundt to hundre sider. Språket er lett og flyt fint gjennom heile boka. Mange vil nok seie at det er for mykje om sjølve rettssaka, men eg likte det slik. Trass i alt skal eg ta Rettslære til hausten, og denne boka gjorde meg endå meir nøgd med det valet. Lippestad poengterer at samfunnsfaget er eit av dei viktigaste ungdommar kan ta, for det formidlar vidare kunnskapen og verdiane rundt demokratiet. Eg kunne ikkje vore meir einig!

1 kommentar:

  1. Fin omtale, Mai Lene, no fekk eg eit inntrykk av boka og kva Lippestad hadde på hjartet.

    SvarSlett

Tusen takk for kommentaren din! :) Velkommen tilbake seinare

søk i bloggen min

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...