onsdag 11. september 2013

Bok: A Darker Domain av Val McDermid

No som skulen har byrja for fult og eg har prøvd å ligge langt framfor med alt som kan gå under lekser, har det ikkje vore så alt for mykje tid til McDermid, Karen Pririe og alle mysteria som er kokt saman i A Darker Domain, men no er eg ferdig, og eg sit igjen med litt blanda kjensler.

Det er tredje boka eg les av forfattaren på kort tid, og de som har følgt bloggen min lenge veit at eg har ein tendens til å lese mykje av ein forfattar på ein gong, kanskje til og med i heilt feil rekkjefølgje. Til å vere McDermid vart eg litt skuffa, og boka var ikkje like utspekulert som The Mermaids Singing og The Vanishing Point. Likevel, som alltid var ho av god kvalitet, rett og slett fordi McDermid på eit middels nivå kan vere andre på sitt beste nivå.

Ei kvinne kjem inn og melder faren sin sakna. Kor tid vart han borte? For over tjue år sidan. Samstundes tek dei opp att saka om milliardær Broderick M. Grants kidnappa og drepne dotter og dottersonen som har vore borte i over tjue år. To saker på ein gong. Kor fører boka hen? Eg spurte meg om det i ei æve. Kor skal McDermid hen i dag? Kor vil ho?

Som vanleg er McDermids karakterar noko for seg sjølv, men eit kjenneteikn går igjen: Kvinnene. Den feministiske delen av meg elskar at det alltid er sterke kvinner med i bøkene, enten som forfattarar, politi eller journalistar eller heilt vanlege personar. Det er tydeleg at ho liker å ha kvinner i hovudrolla i romanane sine, og det gjer at me kan sjå bort frå alkoholiserte, miserable mannlege detektivar. Likevel overtok den sterke, feministiske sida til Karen Pririe alt for mykje i denne boka, og det var vanskeleg å sjå om ho hadde nokre svake sider, utan at eg sat og tenkte at ho var veldig stereotypisk. Til det har eg lese litt for mange romanar med litt for mange stereotypiar, og så dårleg var det ikkje. Likevel sit lesaren igjen med kjensla av at DI Karen Pririe er ein karakter litt overdriven.

Plottet har få svake sider ved seg. Likevel kan det vere litt langdrygt, litt vel mange telefonar, litt vel mykje tenking utan at det store skjer. Hadde det vore litt meir "action" hadde boka heva seg nokre hakk. Den hadde heller ikkje det same fengande plottet som i dei andre eg hadde lese. Hadde dette vore første boka trur eg at eg hadde haldt fram med å lese nokre andre for å sjå korleis resten var, men eg trur ikkje eg hadde blitt klar over kor god forfattaren er!

Avslutninga er som elles litt brå, og i dei enkeltståande bøkene veit du kva som har skjedd, kven som har gjort det, men kva skjer vidare? Det er ikkje eit oppsummerande kapittel på slutten, og ei open avslutning i ein kriminalroman høyres berre heilt grusomt ut, men viss du les McDermid får du med deg at det er heilt fantastisk.

Eg har ikkje hatt veldig lyst til å blogge i det siste, og det går nok litt tid mellom kvar gong, men slik er det. No har Noreg fått ny regjering, og jo då, eg skal no overleve dei neste åra, men så er det om eg må gå litt i dvale, haha. Nei då, kjenner berre at eg er glad for at valkampen er ferdig!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Tusen takk for kommentaren din! :) Velkommen tilbake seinare

søk i bloggen min

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...