mandag 4. mars 2013

bok: Teresa Birnas bortgang av Victoria Bø

Den norske forfattaren Victoria Bø, som òg har utdanning i internasjonal politisk økonomi, har skrive ei annleis og fengande bok. Teresa Birnas bortgang er ikkje ein vanlig historisk roman, men ei bok som òg tar opp viktige spørsmål om familieliv, kjærleik og viser djup innsikt i vikte samfunnsspørsmål.

Ellen er jusstudent, men er utsliten av studia og all grublinga ho har haldt på med. På sommaren reiser ho til faren Roar og stemora Eva i Praha, der òg litlesøstera Linde bur. Faren Roar er målar og barn av Teresa og Oddvar. Etter opprøret i 1968 flytta Roar saman med Oddvar og storesøstera Gita til Noreg for å starte eit nytt liv. Historiene rundt mora Teresa har vore mange, men likevel sjeldne. Ingen veit eigentleg kva som skjedde, og nå når Ellen og Roar igjen er i "Teresas by" er jakta på den sanne historia i gang. Likevel kan ei jakt ikkje berre avdekke tidligare øydelagte forhold, men òg øydelegge samhold i nåtida. Orda Bø har valt å bruke i boka verker velvalte og passar til stemninga som ho byggjer opp. Handlinga foregår ikkje berre rundt mysteriet frå 1968, men òg rundt konfliktar frå nåtida og Ellens forhold til Roar, stemor Eva, litlesøster Linde, mora Wencke og tanta Gita.
Første gang jeg møtte Eva hjemme i Oslo, skjønte jeg at Roar kom til å gifte seg med henne. Hun var så forskjellig fra de andre. Det ble vielse også. I fjor. Tingehuset, middag på Bristol og øl på Håndverkeren. 
Dette er setningane som fortel mykje om forholdet mellom Eva og Roar. Samstundes er indentiteten til Ellen eit tema.
Men mesteparten av meg er ikke meg. Mesteparten av "meg" er Roar og Wencke. Jeg har Roars hår. Wenckes tynne armer. De er meg. Og jeg er dem. 
Bø måler eit tydeleg bilete for oss av jente som veit kor ho kjem frå, men likevel er usikker på kven ho er, kven foreldra er og kven dei liknar på. Ellen lurer på om faren har mest i seg av Oddvar eller Teresa eller om han er litt begge deler. Og kven er ho, Wencke eller Roar eller litt begge deler. Har ho noko av famora Teresa. Utanom dette er forsvinninga til farmora Teresa for lenge sidan eit sentralt tema. Ho forsvann under opprøret i 1968. Opprøret førte henne vekk frå byen hennar seier mange. Er det sant? Kva skjedde med henne? Kvifor er temaet tabu? Korleis kan spora etter ei dame berre forsvinne sporlaust. Ein forskjell frå denne boka og andre historiske romanar er at mange andre går tilbake i tid for å fortelje og har eigne kapittel frå tida då hendinga skjedde. Det har ikkje denne boka. Ho har ein hovudperson som tenkjer og vil vite. Bilete som dannar seg i løpet av boka er delvis eit som blir danna ut frå faktaopplysningar og delvis eit som blir danna av minner frå Ellen og hennar tankar rundt temaet. Samstundes som dette skjer, er det òg riper i forholdet mellom Roar og Eva og Ellen får sjølve oppleve kjærleiken. Òg søskenkjærleiken står sentralt, og eg er glad det ikkje er ei "Hatar stemora mi og halvsøskna mine og faren min og heile livet mitt"-bok, men heller ei bok som viser at biologi ikkje er alt, og at sjølv stemødre kan vere greie og ikkje vonde Askepott-stemødre.

Boka blir fortalt i første person, og det er Ellen som er forteljaren. Samstundes skriv ho boka til Linde og henvender sge direkte til litlesøstera og oss. Eit smart triks som gjer at me føler oss inkluderte. Forteljarstilen er spesiell og har ein eigen rytme og eigen måte og skildre hendingar, stader og personar på. Boka er veldig kort, berre på litt over to hundre sider. Slutten er relativt open, og sjølv om det ikkje er dei store hendingane som skjer, er det ein driv i boka som fengar lesaren. Men boka når ikkje heilt opp til toppen hjå meg. Kanskje litt enkel, men likevel, godt lesestoff som ein bør få med seg blant bøkene i 2013.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Tusen takk for kommentaren din! :) Velkommen tilbake seinare

søk i bloggen min

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...