søndag 27. oktober 2013

Bok: Skilpaddens langsomme vals av Katheirne Pancol

Når eg sit og skriv om denne boka, og ser på sjangaren, namnet, handlinga, utrdag frå omtalar i franske tidsskrifter, karakterane, forfattaren, omslaget og baksideteksten, har eg ei kjensle av at dette er ei bok som eg ikkje skulle ha likt. De spør dykk kanskje kvifor, og eg veit ikkje heilt sjølve, men det er kanskje det at Chick Lit-bøker høyres litt bleikt ut, og kanskje litt umoralsk, klisjéaktig ut, slikt som ingen anmeldarar med hjerne i hovudet ville ha rosa Likevel, eg kjenner at alt stig eit par hakk, når eg ser at Krøger, anmeldaren i Dagbladet, roste den første boka utan spor av kritikk og negative ord. Då føler eg at døra er open for å rose Pancol og bøkene hennar litt.

Utdraga frå franske tidsskifter, som høyres ut som magasin, utan at eg veit heilt, er utelukkande positive. Når det er britiske eller amerikanske avsier det er snakk om, plar eg å prøve å finne utdraget som står på boka på nettsida til avisa, men når det er på fransk, trur eg at eg skal halde meg borte frå det. Mine kunnskaper innanfor det språket avgrensar seg til Hei, Takk og Farvel. Om det er det at eg er litt sjarmert av Frankrike som gjorde at eg plukka opp bøkene av forfattaren veit eg ikkje, men det eg veit, er at det er ikkje veldig mykje "typisk fransk" slik ein turist ville ha sett på det. Det er ingen tur til Eifeltårnet, ingen kyss under Triumfbogen eller tur til Notre-Dam. Det er bøker om eit normalt, unormalt kvardagsliv i Paris.

Joséphine er ei dame som ikkje hadde blitt skildra som bestemt, høg på pære eller noko i nærleiken. Tvert i mot er ho ei dame som lenge har latt seg undertrykt av mora Henriette og søstera Iris. I første boka braut ho på ein måte opp, men no i bok to er det nye ulukker og gleder. Eldste dottera, Hortense studerer i London. Yngstedottera, Zoe, er igjen i Paris og har problem med både utsjånad og korleis ho trur andre ser på henne. Besteveninna, Shirley, har vendt tilbake til London saman med sonen, Gary, ei besteveninne med ei eventyrleg fortid. Iris er innlagt på klinikk grunna dårleg psykisk helse. Mannen hennar, Philippe, og sonen deira, Alexandre har òg flytta til London. Mora, Henriette, som ho føretrekk å bli kalla, har hevntankar, og mannen hennar, stefaren til Joséphine, Marcel Grobz, har flytta inn saman med kjærasten og den nyfødte sonen, i ein alder av sekstisju år. Midt oppi dette står Joséphine i ny bustad i Paris, med ein kjærast ho ikkje er sikker på lenger og ein eksmann som heimsøker henne.

Alle bøkene mine i denne serien er kjøpte, og då eg hadde kjøpt første boka, Krokodillens gule øyne i innbunden form, bestemte eg meg for at alle bøkene skulle vere innbundne. Eigentleg er eg ikkje veldig kresen på det, men akkurat her, ja alle måtte vere innbundne. Det er ikkje alltid like lett å få tak i bøker, som er nokre år gamle, i innbunden form, noko dei fleste sikkert har erfart. Eg leita og leita, og der ein dag, fann eg den andre og tredje boka på Norli på Kvadrat, og den eine på tilbod. Kven måtte kjøpe bøkene? Eg trur du har gjetta rett, og kvifor måtte dei absolutt vere innbundne? Ikkje berre fordi eg syntes det såg fælt ut i bokhylla med ei innbunden, ei pocket, ei innbunden, ikkje berre fordi pocket-bøker blir stygge, når ein les dei og har lita skrift, men på grunn av baksideteksten. Noko av magien med bøkene var baksideteksten. Eg visste ingenting eigentleg, då eg byrja på første boka, og då eg byrja på Skilpaddens langsomme vals, visste eg ikkje meir enn at det var ei fortsetjing av det som byrja i Krokodillens gule øyne, noko som var nok i seg sjølv til å lese neste. Problemet med pocket-bøkene, var at dei gjengav handlinga som i ei heilt normal bok, noko som gjorde at litt av magien var borte. Eg ville at, viss nokon skulle finne bøkene i bokhylla mi, skulle dei ha same oppleving som den eg fekk. Så lite for så mange penger ekstra, tenkjer du kanskje. Så mykje magi for så lite penger, tenkjer eg! Du vil kanskje vite kva baksideteksten var? Her e den:
Denne boken er et stormkast av et liv … 
En het omfavnelse fra den eneste man absolutt ikke må omfavne … To armer som slynger seg rundt eller som dreper … En foruroligende, men samtidig utrolig sjarmerende mann … En kvinne som skjelver og har et brennende håp … En mann som er en mester i å lyve … En kvinne som tror hun har kontrollen, men mister den fullstendig … Unge som er mer oppegående enn de voksne … En mann som spiller gjenganger … En far, der oppe blant stjernene … som mumler i øret til sin datter … En hund så stygg at man trekker seg unna når man treffer på den … Karakterer som urokkelig beveger seg fremover i livet … som små sta skilpadder …. som lærer å danse sakte, sakte … i en altfor rask og voldsom verden.
 Litt poetisk, og seier det på ein måte som gjer at dei som har lese første boka kan ane nokre konturar. Det som fascinerer meg med bøkene er at det er kvardagen eg les om, det er noko heilt normal eg les om. Likevel er det ein litt uvanleg kvardag, og forfattaren bles det litt opp. Samstundes som det er kvardagen legg ho inn litt overnaturlege, morosamme, fryktelege hendingar. Til dømes ein eittåring som snakkar, ei kvinne som blir forheksa, ein seriemordar. Ho har lagt inn kjærleik, krangling, skilsmisse, men ikkje til ein føler at alt berre blir klisjé, klisjé, klisjé. Ho stoppar rett før det blir klisjé. I tillegg fortel ho på ein måte som gjer at alt er noko heilt anna enn kvardag. Når eg snakkar om kvifor eg liker å lese, plar eg å seie: "Då kan eg flyta bort frå ein travel og hektisk kvardag". I desse bøkene flyktar eg frå kvardagen til kvardagen.

Eg trur mykje av boka delvis er symbols, og sjølv om nokre av karakterane er sett på spissen på mange måtar, øydelegger det ikkje dimensjonane i boka. Hovudkarakteren er ei antiheltinne med to døtre, ei som foraktar alt kjensler, tårer og forelsking, og ei som er på stadiet mellom barn og vaksen. Ho er ikkje flink til å seie frå, bestemme seg, ta æra for noko ho har gjort eller ta i mot kompliment. Ho er ein anti-helt i ei verd som beveger seg alt for fort framover.

Det som irriterte meg mest med boka var feil i teksten. Nokre gonger, då dei ikkje snakka, var det talestrek, og nokon gonger, då dei snakka, var det ikkje talestrek. Dette er ikkje forfattaren, men forlaget. Det burde ha blitt gjort betre. For folk som er sjukeleg opptekne av grammatikk, er slikt irriterande. Eg er ein grammatikknerd på mange måtar, som gremmer seg berre ho ser orddelingsfeil eller opplagte kommafeil.

Omtalen har blitt mykje om meg, litt om boka, men noko som er viktig, les serien frå bok ein til bok tre. Viss ikkje kan du ikkje lese tidlegare bøker. Det er blir berre feil! Dette var omtalen min av den første boka i serien. Her er eit intervju med forfattaren, og dette er ein mindre positiv omtale skriven av Marianne på Ebokhyllami.

Til slutt, det finaste sitatet frå boka:
"- Hvem er helt "normal", Joséphine? 
Hvem er ikke normal? 
Who Knows? 
Og hvem setter normen?"
Skilpaddens langsomme vals av Katherine Pancol, side 646

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Tusen takk for kommentaren din! :) Velkommen tilbake seinare

søk i bloggen min

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...
Det oppstod en feil i denne gadgeten