søndag 17. mars 2013

bok: den femte årstiden av Mons Kallentoft

Om vondskap

Eg har laga ei mykje kortare innleiing til denne boka enn eg plar å gjere, fordi eg kunne ikkje få ned nokre fleire ord. Vondskap er det som skildrar handlingane i denne boka best. Markabert, vondt og fælt. Korleis klarar nokon å skrive noko slikt som dette? Når eg skriv denne omtalen, sit eg og høyrar på ABBA-musikk, for å ha noko litt lettare å forholde seg til. Det kan verke rart når de les vidare, men nokre gonger det vonde så absurd og fælt at du må ha noko anna òg å ha. I songen eg høyrer syng Amanda Seyfried frå Mamma Mia-filmen "I have a dream." Seinare syng ho "to help me through the reality". Det er nokre ord som passar perfekt i denne samanhengen. Hanlinga i boka konsentrerar seg rundt ei tema som både er tabu, men likevel veldig omstridt. I det siste har det vore mykje om det i media, ikkje fult så mykje frå Noreg, men frå India. Temaet er valdtekt, og hendingane i India gir eit litt anna perspektiv etter denne krimromanen. Det kjem nærare og verker endå meir grotesk. Der har det vore gruppevaldtektar på gruppevaldtekar (og nå seier eg ikkje at dette har noko med løysinga å gjere), og eg vart sjokka då eg høyrte at nokre menn hadde forgripe seg på ei jente på tre år! Dei er barbarar dei som gjer slikt. Dei er dyr!

Dette tenkjer òg hovudpersonen i boka til Kallentoft, Malin Fors. Dette er femte boka eg les om den ivrige, besette, tøffe, dyktige politietterforskaren. Ho har eit eige "image". Ho er ustoppeleg, men av og til kan det verke som at det likevel er umogleg. Men slik som ei kjent sykkelstjerne (Dag Otto) i Noreg seier: "Ingenting er umulig. Det umulige tar bare litt lengre tid." Dette trur eg er mottoet til Fors utan at ho veit det sjølv. På ein ferie saman med kjærasten møter ho ei kvinne som jobber på ein klinikk i Lund med personar som er veldig psykisk svake. Kvinna fortel henne om ei kvinne som er der som vart valdteken og etter det ikkje har sagt eit einaste ord. Malin tenkjer med ein gong på ei kvinne i Lindköping er i same situasjon, Maria Murvall. Ho vart valdteken og sit nå på ein klinikk heilt stum, til stades fysisk, men ikkje psykisk. Nysgjerrig som Malin er, vil ho finne ut kven som har gjort dette med jentene, og samstundes skjer det på nytt. Ein familie finn eit lik i Lindköping på ein vakker maidag. Malin ser straks ein samanheng mellom dette og dei to andre. Ho er besett av å finne ut kven som har gjort det, og det same er kollegane på mange måtar. Dei er alle sjokkert over kva eit menneske kan gjere, og spørsmålet om kor langt dei kan gå for å finne svar reiser seg. Gjer det noko kva middel dei tek i bruk for å kome til mål?

Av og til når eg les må eg stoppe opp og tenkje på Malin, trangen hennar til å finne ut noko, det ho gjer for å finne fred. Ho er intens, stoppar ikkje. Ingen politietterforskar er så intens som henne. Ho lyttar verkeleg til seg sjølv og intensjonane. Ho lyttar til stemmer som ikkje er der. Mange seier at dei irriterer seg over dei små partia i bøkene der dei døde "snakkar" til henne, men eg må seie at det har ein effekt som det kan vere litt vanskeleg å legge merke til. Eg trur at det er symbolsk, ikkje eit forsøk å å vise ei overnaturleg verd. Eg trur det er eit verkemiddel forfattaren tek i bruk for å vise kva det er som driv Malin. Stemmane er ikkje der, det er berre kjenslene til Malin av at ho må løyse saka. Dei innerste tankane hennar når ei etterforsking pågår. Me ser og ei meir moden kvinne i denne boka. Ho har fått seg kjærast, ho er mindre bekymra, meir roleg og tenkjer òg på å få barn. Utviklinga frå den første Malin som er stressa, slit med å finne seg sjølv og har ein tendens til å drukne sorgene i alkohol, til ein tørrlagd alkoholikar, ei kjærleg mor og ei meir fokusert og moden kvinne er der gjennom alle bøkene. På same måte kan me seie at Maria Murvall er ein tråd gjennom alle bøkene, for i dei fleste  blir ho nevnt. Saka Malin har jobba med blir for altvor teken opp i den femte årstiden.

Sommerdøden handla òg om valdtekt og var veldig spennande. Likevel er denne boka endå meir grotesk, set seg endå meir inn i denne vondskapen. Ei valdtekt er noko ei kvinne vil ta med seg resten av livet, viss ho overlever. Det set sine spor, slik er det berre. Ufrivillig sex er eit av dei største haldnignsproblema i samfunnet i dag. Ikkje haldninga til kvinna, men til mannen som utfører det. Menn utnyttar styrken sin på den mest groteske måten som finst, og det som skjer etterpå er forskjellig får person til person, men likevel vil det prege eit menneske. Kvinnene i denne boka har fått gjennomgå, og det same fekk kvinnene i sommerdøden. Kallentoft tar i desse krimbøkene opp eit sentralt tema i dagens samfunnsdebatt og stiller spørsmål som kanskje andre òg stiller seg, men som ikkje blir nemnt i media. Kan ein tilgi nokon som gjer eit anna menneske så vondt? Er dei verkeleg menneske? I ei slik sak, kan du gjere alt for å ta den som har teke det? Har du rett til å gjere alt for å straffe ein slik person? Og kva viss det hadde vore nære familiemedlem? Kva hadde me gjort då? Kor sterkt hadde hatet blitt? Mellom linjene finn med ubesvarte spørsmål som er aktuelle og sårbare tema.

Nå har spelelista gått over på SOS frå same film. Sjølv om det i ein annan samanheng vil seg sitere nokre linjer som har sett seg fast nå: "I tried to reach for you, but you have closed your mind" og "you seem so far away though you are standing near". Det er slik Malin føler det overfor Maria Murvall i den femte årstiden. Langt borte, men likevel så nær. Samstundes som Malin er besett og arbeidar på spreng for å finne den skuldige, er det andre som ikkje er like engasjert lengre. Sven Sjöman, ein som har leia etterforsking etter etterforsking med stort engasjemnt og ei stø hand verker nå uengasjert og umotivert. Skjebnane til kvinnen verker ikkje til å gå like hardt innpå han som dei andre. Likevel er dei andre kollegane tøffare enn nokonsinne. Börje, Johan, Zeke, Karim, Karin og Waldermar. Det er unntakstilstand på politistasjonen. Karin blandar seg plutseleg meir inn i etterforskinga, stiller spørsmål på linje med dei andre. Waldemar, som alltid har hatt omdiskuterte metodar, går endå fleire skritt lengre. Johan har gått frå usikker familiefar til sikker ekspert på data. Börje er Waldermars mindre valdelege konpanjong. Zeke er Malins, hennar høgre hand, bremse og pådrivar. Alt blir forandra i denne boka, sjølv om mykje er det same gamle.

Plottet i boka er genialt, kven har gjort dette med jentene. Språket suger ein til seg like sterkt som i dei andre bøkene. Det er frramleis poetisk, men minst like lett forstålege som elles. Eg trur det er eit språk du enten liker eller ikkje liker. I tillegg har forfattaren brukt gjenntaking og linjedeling som sterke verkemiddel. Det høyres mest ut som ein diktanalyse, men det er heller poetisk språk sett inn i ein samanheng der det blir ein kontrast til handlinga. Kallentoft gjer som vanleg ein strålande jobb. Han er tydeleg og klar, og me kan òg lure på om det ligg eit snev av samfunskritikk under språket. Spark til overklassa og dei rike og måten samfunnet er. Eit lite spark til kor lett det er å nå det ein vil om ein har nok pengar.

Malin Fors kavar med nok eit mysterium med nesten usynlege spor. "Slipping through my fingers" er ord som kjem tilbake til meg frå songen med same namn, denne gongen framført av Meryl Streep i filmen Mamma Mia.

3 kommentarer:

  1. Du skriver så gode og grundige omtaler at det er en fryd å lese, og jeg likte veldig godt hvordan du kobler omtalen med Abba. Jeg har alle bøkene til Kallentoft i hylla, har kjøpt dem på salg tidligere, og jeg ser frem til å ta fatt på dem en dag.

    SvarSlett
    Svar
    1. Tusen, tusen takk!! Verkeleg nokre bøker du bør lese :)

      Slett
  2. Veldig bra omtale. Tydelig at du ble sterkt berørt av boka. Jeg likte Midtvinteblod veldig godt, men har ikke lest flere av Kallentoft. Startet på Sommerdøden, men den likte jeg ikke spesielt, så jeg avbrøt..

    SvarSlett

Tusen takk for kommentaren din! :) Velkommen tilbake seinare

søk i bloggen min

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...