torsdag 17. januar 2013

bok: den største straffen av Robert Wilson

Robert Wilson er kjent for seriane sine om Javier Falcon og Bruce Medway. Den største straffen markerte i 2012 byrjinga på endå ein serie, denne gongen om Charles Brox. Mange kjenner nok forfattaren for suksessen med et lite drap i Lisboa og den blinde mannen i Sevilla. Etter å ha skrive denne thrillaren frå London synes eg ikkje det bare er desse to bøkene som fortener å bli tatt fram når namnet til Wilson blir nemnt.

Robert Wilson har ein stor styrke når det gjelder skildringar av miljø og karakterar. Det er truverdig, det er fargerikt og det er ikkje bare dei mest velståande eller dei som har kome verst ut av det som er med i boka. Her tar han med karakterar frå alle klassar. Det er personar som er fattige kjeltringar og det er personar som er nokre av Indias og Asias rikaste menn. Det er òg her plottet kjem inn. Frank D'Cruz har dei seinare åra haldt til i Bombay med den andre kona si, Sharmila og fleire barn. Alyshia, halvt britisk og halvt indisk, har òg vore på besøk hjå faren i villaen, men etter ei stund flyttar ho tilbake til London utan å gjere det kjent kva som fekk  henne til å rømme. Vel tilbake i London er forholdet mellom Alyshia og den britiske mora, Isabell Marks dårleg, og det skal snart vise seg at Alyshia ikkje bare har fortalt sanninga.

Fredag 09. mars har Alyshia vore ute og festa saman med venner og kollegaar, men utpå kvelden blir ho full og praier ein drosje med ein litt annleis sjåfør enn vanleg. Når det kjem fram at Alyshie D'Cruz er kidnappa, gjennom ein telefon til mora Isabell Marks, er dei ikkje seine om å få inn nokon som kan hjelpe. Kidnappingskonsulent Charles Boxer blir sett på saka, men ikkje utan at politiet blir varlsa, noko som kan bli farleg. Saman med ekskona Mercy som assistent prøver å han å avdekke kva som har skjedd med dottera til Frank D'Cruz. Boxer framstår som maskulin, tøff og flink frå første stund. Han er driven i det han driv med, og måten me blir kjent med han på er gjennom ei hending som skildrar mannen meir enn ord kunne gjort. Han har problem med forholdet til den 17 år gamle dottera, Amy, og dei to skulle saman ha vore på ferie i Portugal då ho ombestemte seg i siste liten. Derfor passar det fint for han å ta kidnappingssaka til Alyshia, som den eksperten han er.

Det skal vise seg at det er ikkje berre vanlege kidnapparar som krev lauspengar dei har å gjere med her. Faktisk er det ingen som krev pengar i det heile. Kidnappinga er ein del av eit større spel, og derfor er det katastrofalt når skurkane Skin og Dan, som har vore delaktige i det som har skjedd, bestemmer seg for å ta over kidnappinga for å tene penger og få Alyshia bort frå marerittet. Dei vil få ein rask slutt på det, tene pengar og stikke etterpå. Gjennom heile boka greier Wilson å halde på lesaren. Boka er ein ekte thriller. Han er god på å knyte saman personar ein aldri skulle trudd hadde hatt noko med kvarandre å gjere, men likevel kan det bli mange namn. Dagbladet sa det så passande som dette: "Ikke minst er han god på karaktertegninger. Men han risikerer også å falle for sitt eget talent. Bokas største svakhet er at den inneholder så mange navn på mennesker, organisasjoner, gjenger og allianser at det blir vanskelig for leseren å holde oversikten." Det er her han taper litt, og det er vanskeleg å halde følgje gjennom heile boka. Likevel forstår ein slutten og greier å forstå kva som skjer og sortere dei ulike karakterane når forteljinga er ferdig.

2 kommentarer:

  1. Jeg har et par Wilson-bøker i hyllene mine. Takk for påminnelse og god omtale :) Mulig jeg må plukke dem frem nå kjenner jeg...

    SvarSlett

Tusen takk for kommentaren din! :) Velkommen tilbake seinare

søk i bloggen min

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...