søndag 24. februar 2013

Lines Lesesirkel - 1001 bøker: storm i juni av Irène Némirovsky

Det finst mange historiske romanar der ute som skildrar krigen, men ingen som storm i juni av Irène Némirovsky. Det er ikkje på grunn av litterær kvalitet eg seier dette, men på grunn av årstalet og tida boka vart skriven i. Storm i juni skulle eigentleg vere større enn denne boka. Det var meininga at det skulle vere ei krigsskildring i fleire delar, men forfattaren vart teken til fange før ho fekk skrive meir enn stormi juni og Dolce. Berre få dagar før ein av dei store skandalane  Frankrike, Vel d' Hiv, vart Némirovsky brakt til Auschwitz der ho døydde. Mens ho levde, skreiv ho fleire historier, blant anna historier der ho var kritiske til penger og makt og sin eigen religion.

Storm i juni, eller Suite Francaise, er skrive under krigen, men på ein annan måte enn dagens litteratur frå førtitalet. Mens historiske romanar til vanleg tek for seg historiske hendingar og legg vekt på tilstandane, legg storm i juni, mest vekt på dei enkelte menneska og situasjonen deira. Det er ikkje eit verk fylt med årstal, krigshendingar og hat retta mot tyskarane. I første del skildrar Némirovsky flukta frå Paris då bomber regna over byen. I dolce skildrar ho livet i ein liten by i Frankrike der tyskarane er plasserte. Kvar av delane er ikkje veldig store og tunge i seg sjølv, men saman er dei på over fire hundre sider, og det gjelder å ha tunge rett i munnen for å hugse karakterar, stader og tidlegare hendingar.

Me skulle tru, at sidan Némirovsky sjølv var jøde, ville bøkene hennar spegle antisemittismen og den sosialdarwinistiske haldninga mange hadde på den tida. Dei svakaste skulle utryddast, og blant dei var jødane. Det er ikkje noko bittert hat mot verken "der Führer", tyskarane generelt eller andre antisemittistar i boka. Tvert i mot blir tyskarane framstilt som enkeltmenneske med kjensler og sakn, slik som dei òg var. I andre del av boka får me eit nærare innblikk i livet til tyskarane i Frankrike. Nokre av dei kjem me nært innpå, og her har Némirovsky vist kor forandra mykje av historia har blitt. I mange historiske bøker verker det som at tyskarane, alle som ein, var barbarar, og det var nok mange òg som var fryktlause og fæle, men den menneskelege skikkelsen mange av dei får i denne boka viser at historiebøker viser ikkje fram alle sider av andre verdskrig. Franksmennene blir heller ikkje framstilt som englar med glorie på hovudet, men både fiendtlege og standhaftige. Ingen har fått glorier og englevinger, men ingen har fått djevelhorn heller, sjølv om Némirovsky kanskje har laga ei litt meir personleg framstilling av det enn slik det eigentleg var. (ikkje heilt sikker på, berre tenkjer at det må vere vanskeleg å ikkje blande eigne kjensler i noko så stort som ein verdskrig)

Det er ikkje mykje som driv boka vidare. Eg var ikkje veldig entusiastisk i byrjinga, og boka var ikkje full av litterære verkemiddel. Ho var det ho var: Ei skildring. Skildringer er meir opptekne av å løfte fram sanninga og få eit realistisk bilete av det framfor litterære verkemiddel som får lesaren til å ville lese vidare. Eg var ikkje usikker på korleis det gjekk med personane. Ingen svar lot vente på seg, noko som i lengda var veldig keisamt, men òg ein interessant måte å skrive på. Det er sjeldan eg les slike bøker, og forandring plar fryde. Språket vekker ikkje kjensler til live, og ho har ingen detaljerte krigshendingar. Eg syntes kanskje synd på nokon, var glad på vegne av nokon, men eg sat aldri med lommetørklet i handa, og eg lo meg heller ikkje forderva. Alt var for lite personleg til det, og på det planet liker eg betre bøker som Saras nøkkel av T. Rosnay som får deg til å ville skrike, hyle og bli sint på ein gong, men du veit at det ikkje hjelper uansett kor mykje du vil. Boka fekk meg ikkje til å føle meg hjelpeslaus i forhold til hovudpersonane, som eg ofte har ein stor trang til å ville hjelpe vidare.

Boka bar preg av at forfattaren ikkje visste korleis det ville gå. Karakterane var usikre på framtida, og Némirovsky fekk aldri sett noko skikkeleg punktum for alt. Dette viser kor lite sikkert alt var då. Som oftast har historiske romanar ei "oppsummering" på slutten kor dei har eit kapittel om "etter krigen" eller fortel kven som overlevde, kven som vart tekne. Dette er noko eg alltid har irritert meg over i bøker som det. Sjølv om forfattaren kanskje ikkje har innsett det, ligg det mykje i linjene "viss me berre hadde gjort slik for 70 år sidan, hadde det gått betre". Dette er ikkje ei bok som er ut til å ville forandre historia. Den vil ha fram eit både realistisk og personleg bilete av korleis det var. Romanar som blir skrive i dag synes eg svekkar seg sjølve på det punktet at dei MÅ fortelje korleis alt gjekk, og den opne slutten saknar eg, spesielt i krigsromanar.

Némirovsky er ei stor litterær stemme, men kanskje ikkje heilt etter min smak.

Boka blei lesen i samanheng med Lines Lesesirkel -1001 bøker. Line har òg laga ein meir fyldig omtale med meir sitat og sikkert fleire teoretiske punkt enn det min har, så eg anbefaler de å lese hennar òg.

10 kommentarer:

  1. Så utrolig fint og innsiktsfullt skrevet om boken! Jeg har ikke lest Saras nøkkel ennå, men har den i bokhyllen. Ut fra hva jeg har hørt om den, er Storm i juni en mye mer velskrevet bok, men jeg foretrekker likevel å lese bøker som berører meg følelsesmessig dersom jeg absolutt må velge mellom de to. Så får vi se om jeg fremdeles mener det når jeg har lest Saras nøkkel :-)

    Interessant det du sier om at krigsromaner aldri har en åpen slutt. Det har jeg aldri tenkt på før. Jeg skal ha det i tankene neste gang jeg leser en bok fra krigen. Jeg fikk i grunnen lyst til å lese mer med en gang, selv om Storm i juni ikke var helt etter min smak heller. Jeg blir egentlig aldri lei av tematikken, siden det finnes så mange vinklinger og historier å fortelle.

    SvarSlett
    Svar
    1. Tusen takk for kommentaren :) "Saras nøkkel" er kanskje ikkje eit veldig stort litterært verk, men det vekker meir kjensler, sjølv om det sjølvsagt er negative sider ved den boka òg! "Storm i juni" var velskriven ja, Némirovsky kunne det å skrive.

      Slett
  2. Utrolig godt skrevet! Jeg likt romanen godt, men jeg er enig med det du skriver om at den er mer en skildring.

    SvarSlett
    Svar
    1. Takk, eg las omtalen din. Den var veldig bra!! Det var jo bra at du likte boka, og akkurat der går det an å ha kvar sin smak :)

      Slett
  3. Enig med Silje, veldig godt skrevet!
    Jeg veksler imellom å ha lyst til å lese og å tenke at den blir for
    sterk for meg, pluss at jeg er redd for at dette skildringsaspektet gjør
    at det blir vanskeligere å komme inn i handlingen, sånn at jeg igjen tenker mer
    på historien bak enn det som skjer i boka.
    Ikke lett dette.

    SvarSlett
    Svar
    1. Det var vanskeleg gløymme historia bak då eg las boka! Handlinga var forholdsvis lett å komme inn i, må berre hugse namna! :)

      Slett
  4. Jeg er også enig i at dette var en godt skrevet omtale.:) Vi er enige om det meste her.:)

    SvarSlett
  5. Fin omtale, synes du ser ting jeg ikke ser, samtidig som jeg kjenner meg igjen i mye av det du skriver. Synes det er spennende hvordan flere av oss skriver at det er velskrevet, men at det ikke berørte oss (skriver det samme selv). Er det egentlig velskrevet når veldig mange sitter igjen og ønsker seg mer? Tror Nèmirovsky med fordel kunne lagt på mer følelser uten at det hadde blitt sentimentalt. Men akkurat det er kanskje noe det er vanskelig å se når du står midt oppe i det.

    SvarSlett
    Svar
    1. Eg er einig i at ho kunne lagt meir kjensler i det, men kanskje det var noko av det vanskelege? Du skal vere nokså sterk mentalt viss du sit midt oppi ein verdskrig og skal skrive ein roman frå akkurat då og i tillegg skal skrive med kjensler. Eg trur at forfattaren då kunne fått problem med å fullføre noko som helst, rett og slett for at det er vanskeleg å ville innsjå kor gale det kan gå. Personane i boka fornektar veldig at det kan komme hendingar dei fryktar, og eg trur det kan spegle Némirovskys tankar, rett og slett det at å skrive om noko slikt og legge for masse kjensler i boka, kan få henne til å innsjå sjølv òg korleis det kan gå!

      Når det gjelder det med at ho er velskriven, nei, det er vanskeleg å forklare korleis boka kan vere begge deler på ein gong ;)

      Slett

Tusen takk for kommentaren din! :) Velkommen tilbake seinare

søk i bloggen min

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...