onsdag 26. juni 2013

bok: Vinter i Madrid av C. J. Sansom

C. J. Sansom er i år aktuell med skygge over London, men for nokre år sidan (2007) kom òg Vinter i Madrid ut, ei ekstremt spennande og velskriven bok. På Forlaget Press si nettside står det at C. J. Sansom er tilbake i storform i Skygge over London, og ja, han var i veldig god form då han skreiv Vinter i Madrid for nokre år sidan. Vinter i Madrid er ein historisk roman frå tida etter den spanske borgarkrigen. Som mange av dykk veit elskar eg historie. Helst den delen av historia som me ikkje lærer om på skulen, og eg har aldri lært veldig mykje om den spanske borgarkrigen eller Spanias rolle under andre verdskrig.

Det er fire viktige nøkkelpersonar i denne boka. Den første er Harry Brett er spion for den engelske ambasaden i Madrid. Hans hovudrolle er å finne ut kva ein gammal skulekamerat, Sandy Forsyth, planlegg, for det er tydeleg at Forsyth har planar som ikkje er heilt i Englands interesse. Og den andre nøkkelpersoonen er Forsyth, ein vellukka engelsk mann som bur i Madrid. Han har tette band til blant anna Fransisco Franco og andre viktige personar i Spania og Madrid. Hans kjærast, Barbare Clare, utgjer seg for å vere kona hans og er den tredje nøkkelpersonen i boka. Ho leitar etter den tidlegare kjærasten Bernie Piper, som er ein gammal skulekamerat av Forsyth og Brett og tilfeldigvis den mannen Forsyth mislikte mest på Rookwood (skulen). Ho møtte Brett, då han kom ned i 1937, for å leite etter nettopp Piper, som vart meldt sakna, antatt død, då han kjempa for kommunistane under borgarkrigen. Som de forstår er det mykje rot her. Tre gamle elevar frå ein typisk engelsk "sosseskule" og ei kvinne som har tette band til dei to som hata kvarandre mest. Er det duka for drama? Ja!

Bernie Piper hata alltid Rookwood, for han meinte at slike skular skapte klasseskilje. Han er ein ihuga kommunist som mislikerkyrkja og alt som heiter sosiale skiljer. Han reiser ned til Spania for å støtte republikken. Harry Brett såg opp til lærarane på Rookwood og var ein mønsterelev. Han var ven med Piper, som kom inn berre på grunn av eit stipend, men deler ikkje dei politiske meiningane hans. Han er òg vend med Pipers "fiende", Sandy Forsyth, og prøver å påverka han til å velje den rette vegen i livet, samstundes som han vil vere ven med han. Forsyth på si side er meir oppteken av å gjere oppgjer mot biskopfaren og ha det gøy, og sjølvsagt tene pengar. Han missliker òg skulen, men det skapar ikkje noko venskap mellom han og Piper derimot. Han går i den retninga som kan gi han mest pengar og den beste sosiale statusen. Barbara er den som blir vikla inn i dette dramaet, og i tillegg kjemper dei alle ein kamp mot seg sjølv. Nokre av dei må òg kjempe mot høgare, politiske krefter i dåtidas Madrid, noko som berre gir ekstra spenning i boka.

Viss du framleis leiter etter god somarlektyre, er Vinter i Madrid til å anbefale. Det er ei bok alle bør få med seg ein gong. Ikkje berre er det historiske perspektivet veldig interessant, men skildringane til Sansom er heilt framifrå. Han kan det han gjer, og du sit igjen med ei kjensle av at du kunne gjenkjent stadene og personane etter å ha lese boka. Det er ikkje ofte du får den kjensla. I tillegg let han lesaren sjå den svake sida av karakterane. Til dømes er Brett ein spion med ein stor dose dårleg samvit for å måtte lure ein gammal ven. Han er ikkje heilt eigna kan du trygt seie. I tillegg er han litt pysete og vil helst ikkje skape konfliktar. Som person vil ikkje dette seie at han har dårlege sider, men i forhold til jobben han har fått, er det dårlege sider. Sandy er pengegrisk. Han kunne gjort alt berre han fekk ein god slump med pengar for det. Barbara har dårleg sjølvtilit, og Piper blind for andre sine meiningar, nesten uansett kva.

Då eg las boka, tenkte eg mange gonger at det kan bli ein heilt super film. Eg skulle gladeleg ha sett den på kino kor tid som helst. Eg såg alt for meg så klart, korleis det burde vore. Den har eit stort potensiale på det området, og med Channing Tatum eller Liam Hemsworth som Harry Brett hadde det vore perfekt, og kanskje endå meir perfekt med ein av dei som Piper. Men det er ikkje film eg skal snakke om. Sansom er ein dyktig forfattar som eg skal lese meir av. Språket flyt veldig fint. I byrjinga tvilte eg litt på dette med språket, men det er fengande. Av og til gløymer forfattaren "show - don't tell"-prinsippet, men det kunne vore mykje verre. Det er ei bok som er verdt å lese (det har eg sagt nokre gonger), og Spania i 1940 er skikkeleg skummelt!

2 kommentarer:

  1. Enig at dette er en god bok. Har den i bokhylla og leste den for noen år siden. Så ja, dette er en bok mange burde lese.

    SvarSlett
    Svar
    1. Ja, det er ei slik bok som fengar skikkeleg :D Syntes ho var veldig bra, som du sikkert forstår! :)

      Slett

Tusen takk for kommentaren din! :) Velkommen tilbake seinare

søk i bloggen min

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...