torsdag 31. oktober 2013

Hallo Venn!

Grøss og gru, no byrjar det verkeleg å bli haust. Halloween er her, og har forsåvidt vore her i heile dag, men no går små monster rundt og ringer på dørene og tiggar etter snop. Det freistar veldig å be dei om å synge ein fin song, for å få godteri, men enn så lenge har det ikkje vore nokon her. Me skal vere greie i år igjen og gi dei det dei vil ha, så håpar eg at alle er fornuftige og kjem tilbake i romjula og syng julesongar for oss. Kos!
Halloween er jo eigentleg ein veldig amerikansk tradisjon, akkurat som Valentine's Day og Thanksgiving. Det har endå ikkje kome til Noreg for fult, men det er nokon som feirer det òg. Halloween har likevel blitt veldig stort, og no feirar ein alt frå den kyrkjelege høgtida, kor ein minnes dei døde, til den meir tøysete og skremmande høgtida. Så er det òg Hallovenn og Hallovinn, og eg har òg høyrt om hallovin-versjonen av feiringa, som heldigvis ikkje var i samanheng med barn.

Det er kanskje ein klisjé å skrive om bøker som passar til Halloween, og det er få som greier å lese ti bøker på Halloween-kvelden. Eg har laga ei lita liste kor eg har teke med både noveller og bøker, for det finst trass i alt skikkeleg skumle noveller òg.

Ei av dei Halloween-bøkene eg
anbefaler!
Den første teksten er faktisk ei novelle òg, som eg har øvst på lista mi over skumle bøker/noveller/tekstar å lese på Halloween, eventuelt ein annan gong du vil lese noko skummelt. Vertinnen av Roald Dahl. Eg trur kanskje dei fleste har lese den i løpet av livet. Eg skal ikkje røpe for mykje, men heile novella er til å grøsse av.

Heaven av Christoph Marzi er kanskje ei bok de har lese eller høyrt om. Den er verkeleg i Halloween-bransjen, spør du meg. Eg liker eigentleg ikkje historier med spøkelse og gjenferd, men boka var nokså godt. Veldig spennande, og i tillegg heilt forferdeleg nervepirrande.

Harry Potter and the Philosophers Stone av J. K. Rowling er både småkoseleg og spennande, og kvar gong eg les boka får eg ei kjensle av at det er haust og Halloween. Galtvort er verkeleg staden å feire det. Der kallar dei det Alle Helgens Dag, og i alle fall i dei to første bøkene skjer det noko på denne dagen.

Skygge over London av C. J. Sansom er ei veldig mørk bok, som føregår på hausten 1952 i
London. Den er både spennande, interessant og velskriven. Kva hadde skjedd hadde tyskarane og britane inngått fredsavtale i 1940? Korleis hadde verda sett ut då?

Den neste boka er ikkje velskriven, den er ikkje bra, men for ungdommar kan det vere ei bok som vil bli lesen på Halloween. Ever - for alltid av Alyson Noël er litterært sett ei drittbok, men likevel har folk over heilt verda omfavna serien om "The Immortals". Min omtale var forresten veldig positiv, rett og slett fordi eg var i målgruppa då eg las boka.

Evig din av Stephenie Meyer, gode, "gamle" Twilight er vel ein hit framleis. Edward-Bella-Jackob-problematikken. Vampyrar og varulvar og menneskelege i ein liten småby. Bra plott, men dårleg og urealistisk litteratur for tenåringar. Like fult ei Halloween-bok.

Forførende ondskap av Rebecca James las eg i 2011, og det er ei bok som verkeleg har sett sine spor. Det er ein psykologisk ungdomsthriller alle bør få med seg ein eller annan gong, og eg den er til å grøsse av, i tillegg til mange tårer, mange smil og ein veldig alvorleg undertone. Ungdomsspenning på sitt beste.

God fantasy-serie for barn og
ungdom
Brødrene løvehjerte av Astrid Lindgren las eg for første gong heilt ut på engelsk, etter først å ha sett det på barne-TV. Eg hugsar at det første eg spurte mor om, etter eg hadde sett det på TV, var kor Tengil og Katla hamna. Viss dei hadde gått vidare til neste liv, og Jonatan og Kavring gjekk til neste liv, ville ikkje dei møte kvarandre igjen då? Var det då nokon vits i å ville vidare til neste liv? Eg har framleis ikkje svar på det, og det er berre eit av mysteria med denne fine, men skumle boka.

Skammarens dotter av Lene Kaaberbøl. Eg har sagt mange gonger at eg ikkje liker fantasy, men Skammarens dotter er berre heilt suverent. Det er ein av dei beste fantasy-seriane eg har lese, og når eg først er inn på Kaaberbøl, bår ein òg få med seg serien om Katriona, som er skriven for same målgruppe, og den er minst like god. Fantasy på nynorsk er fantastisk, og særleg når det er bra i tillegg.

The Way Up To Heaven av Roald Dahl er endå ei av mange noveller som får ein til å tenkje "Skrekk og Gru"! Meir vil eg ikkje seie

Bøkene eg har skrive her er eigentleg ikkje i rangert rekkjefølgje. Eg har skrive dei opp ettersom eg kom på dei, og Gillian Flynn burde kanskje ha ein plass på lista, men samanlikna med dei andre, er ikkje hennar thrillarar så spanande. Ikkje Halloween-lesestoff. Av filmar kan eg nemne The Woman in Black med Daniel Radcliff i hovudrolla. Heilt forferdeleg film, men liker du filmar med ekte spøkelse, er det berre å sjå filmen, men personleg har eg sett den ein gong for mykje, og eg har ikkje sett filmen meir enn ein gong.

Ha ein veldig fin kveld alle saman. Kakao med krem er å anbefale ein kald haustkveld.

2 kommentarer:

  1. Heaven er en av de bøkene jeg har veldig lyst til å lese :) Så den på biblioteket, kanskje jeg skal gjøre det en gang :)

    SvarSlett

Tusen takk for kommentaren din! :) Velkommen tilbake seinare

søk i bloggen min

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...
Det oppstod en feil i denne gadgeten