onsdag 7. november 2012

bok: mokka av Tatiana de Rosnay

Etter å ha lese alle dei tidligare bøkene til Tatiana de Rosnay på norsk og vore fornøgde med to av tre (bumerang og Saras nøkkel) I og med at huset du elsket ikkje var nokon stor suksess, var eg svært spent på mokka, men eg kan nå konkludere med at eg er nøgd med tre av fire!

Justine har eit tilsynelatande perfekt liv med to barn, ein mann som elsker henne og suksess i jobben. Likevel, det skal bare ei hending til for å velte livet til eit menneske, og det får Justine erfare. Malcome, sonen hennar, blir ein onsdag i mai påkjørt av ein Mokkafarga Mercedes, og livet er plutselig heilt annleis.

Justine er i djup sorg etter at han havna i koma og faren for at han skal dø er stor. Ho byrjar å distansere seg frå familien og ektemannen, Andrew, og ein altoppslukande jakt etter gjerningsmannen byrjar. Yrket som omsetjar, familielivet og alt anna blir skyve til side etter kvart som ho kjem nærare sjåføren i bilen.

I byrjinga av boka lurte eg verkeleg om Rosnay hadde bomma litt denne gongen. Det var nesten bare leddsetningar eller veldig korte heiltsetningar, rett og slett overdriven bruk. Det var ikkje slik at eg vurderte å legge boka frå meg, for eg har gleda meg til denne i lange tider. Likevel var det ei lita stund eg var litt usikker på om boka kom til å halde. Heldigvis betra denne delen av boka seg raskt.

Likevel, innleiinga var òg veldig brå, og heile byrjinga blei litt rar. I alle fall for meg. Det plar vere positivt at ein forfattar startar direkte på handlinga, men eg syntes ikkje det var meisterlig nok her. Den brå måten å starte boka på og leddsetningane og dei korte heilsetningane i tillegg gjorde rett og slett at innleiinga vart litt for dårlig etter min smak.

Uansett, bøker skrive av forfattarar som Rosnay må få ein sjanse, og eg vurderte ikkje å legge henne frå meg, for hovuddelen fekk boka til nye toppar.Her verka bygninga på setningane og handlinga meir naturlig og språk flaut betre. I tillegg blei boka litt meir spennande, sjølv om det meste er "psykisk spenning" og spenning rundt valet til Justine. Skal ho jakte på gjerningsmannen, eller skal ho ikkje? Eg synes dette dilemmaet og heile måten Justine oppfører seg på etter det som har hendt er er spennande, og den delen av meg som liker psykologi i bøker elska verkeleg denne delen. For andre kan det kanskje bli litt kjedsommelig og litt langdrygt, men viss handlignar frå Justine si side viser frustrasjonen og redselen.

Personane er kanskje litt stereotype, men ikkje så mykje at ein reagerer kraftig på det. Litt stereotypi er lov, og her brukes det som eit verkemiddel for å fram den sterke kjærleiken Justine har for Malcome. Det var ikkje noko punkt i boka kor spenninga var skikkelig høg, men slutten var fin og open. Ein sit igjen med mange tankar etter ei bok som dette, og viss ein vil, kan ein dikte vidare sjølv eller tenke seg til kva som skjer.

Boka er eit leseeksemplar frå Bazar forlag.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Tusen takk for kommentaren din! :) Velkommen tilbake seinare

søk i bloggen min

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...