tirsdag 13. november 2012

bok: gjesterommet av Helen Garner

Sjuande oktober dette året starta eg på ei av bøkene eg plukka med meg frå bokbloggartreffet, og det tok meg ein månad å lese henne ferdig. Ikkje fordi ho var keisam, men fordi eg byrja på henne rett før eg reiste til Hellas, og då tok eg henne ikkje med meg. Sist veke tok eg opp lesinga igjen. Boka var ikkje revolusjonærande eller veldig spennande, men fint og greit lesestoff.

Helen (tilfeldig at hovudpersonen og forfattaren har same namn?) har sagt ja til å ta i mot veninna Nicola mens Nicola får ein C-vitaminkur mot kreft. Nicola er en same gamle karismatiske dama som Helen blei kjent med for femten år sidan, men tydeleg prega av kreften. C-vitaminkuren er ein siste sjanse for å bli kvitt det, men dessverre ser det ikkje ut til å funke.

Eg syntes ikkje boka var veldig interessant, og det vart litt dag for dag, og kanskje til og med det same som hente kvar dag òg. Inn på insituttet for å få C-vitaminkur eller ei anna behanding. Vere med Nicola. Hjelpe henne kvar natt med det same. Det vart litt for mykje oppsummering kan ein seie, og eg syntes boka rett og slett var litt dårleg skriven i enkelte periodar. Nicolas optimisme er òg vanskeleg å forhalde seg til som lesar.

Språk, skildingar og gramatkk er ikkje på topp, men boka er heilt greit lesestoff. Eg syntes ikkje den framkalla djuptgåande kjensler, og det handla vel mest om Helen som hjelpepleiar for ein kreftsjuk og hennar kjensler. Viss boka skulle rørt ved meg i alle fall, burde det vore ei anna vinkling og dei burde stått nærare kvarandre. Skildringane burde i tillegg vore meir brutale og direkte. Prøver forfattaren å verne oss mot sanninga?

Boka er ikkje på meir enn litt over 150 sider. Det er ikkje veldig kjedsommeleg, og vil ein lese boka går det raskt. Damene i boka er gamle, og Helen er bestemor til ei lita jente. Dette òg kjem fram i boka, men ikkje nok synes eg, og det at det interesserer meg meir enn det boka eigentlig  handlar om seier kanskje litt. Likevel, det er stridt å ha ein person med kreft å passe på i sin eigen heim, i tillegg til å gå opp om natta, og ein skal ikkje rakke ned på hovudpersonen for å i det minste prøve og hjelpe så mykje som ho gjer.

Boka gir òg eit sant bilete av naturmedisin og alternaltiv medisin som nå i dag er mykje omtalt, og i tillegg er det mange som sett sin lit til dette akkuart som Nicola. Slik kan ein seie at boka er aktuell i dag, nå som verda er proppfull med menneske som vil ha oss til å prøve noko nytt dei trur verkar. Pengar blir sløst bort på noko heilt unyttig her, spør du meg, og Nicola er eit bevis på korleis ein kan komme seg inn i det miljøet og bli lurt. I alle fall fekk eg eit dårlig intrykk av klinikken kor ho fekk behandling med C-vitamin. Kva er det godt for?


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Tusen takk for kommentaren din! :) Velkommen tilbake seinare

søk i bloggen min

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...