lørdag 18. august 2012

bok: et sommereventyr av Elin Hilderbrand

Forlaget om boka:

Claire har problemer med å sette sine grenser. Hun har tatt ansvar i hele sitt liv, båret byrder og imøtekommet alle ønsker. I omgivelsenes øyne har hun alt: en kjærlig ektemann, fire nydelige barn – til og med en strålende karriere som glasskunstner. Når hun påtar seg vervet som leder av sommerens store veldedighetsball, vet hun at hun skal klare det. Claire fikser alt.
Men når ballforberedelsene fører henne inn i milliardæren Lock Dixons sfære, slår det uventede gnister. Lock insisterer på et nært samarbeid med Claire – ofte over en flaske vin – og innen kort tid kan hun ikke lenger neglisjere dvelende blikk og ”tilfeldige” berøringer. Til sin overraskelse klarer hun ikke undertrykke følelsene som vekkes i henne, og både ballet og hele livet hennes kommer ut av kontroll.
Et sommereventyr er en modig og åndeløs reise inn til en moderne kvinnes hjerte.

Til vanlig plar eg ikkje lese såkalla guilty pleasures, av den grunn at det for det meste er søppel, kjærleik og tåpelige romansar. Kan vel dessverre ikkje seie at denne boka var mykje betre, bortsett frå at Elin Hilderbrand skriv overraskande bra i periodar.

Claire er ei dame eg hadde beundra, hadde det ikkje vore for at ho faktisk viser sterk mistilit til mannen og hans måte å passe på barna på, at ho ikkje har tru på at han greier det sjølve. Og ho verker så forferdelig "snill pike" i byrjinga. Går ut av bilen for å redde ein stakkar skada fugl. Sjølv ser eg på meg sjølv som ei snill jente, men å gjere som henne, stoppe bilen, hjelpe ein skada fugl på fortauet til å fly igjen, bare for å vere snill, nei. Hjelpe eddarkoppar ut for i standen for å drepe dei, nei, det er ikkje meg, og heller ingen andre normale personar.

Clair har fire barn, JD, Ottillie(?), Shea og Zack. Ho er av yrke glasblåsar, men jobbar i byrjinga av boka som mor på heiltid. Ho skal vere travel og sterk og slite med skylt og alt slags anna. Ho er snill, som de sikkert har forstått, ho har ein kjernekar til mann (etter mi meining) og tar på seg alt for mykje. Ho har ei besteveninne, og svigerinne, Sheoban, som ho fortel alt til. Ho har ein ekskjærast frå ungdomstida som er kjendis. Og ho har Lock som blir hennar elskar i løpet av boka.

Først i boka kjem prologen som eg ikkje forstår kvifor skal vere med. Den forklarar ikkje mykje Daphne Dixon, Locks kone, kjører i fylla, kjører i eit dyr og får varige skader, og heile henne forandrar seg i frå ei flott dame til ei dame med skarp tunge. Sjølv hadde eg føretrukke at ho hadde ei skarp tunge i frå byrjinga av, til fordel for at heile prologen skal gå til noko anna enn det historia er om.

Alle personane i boka er stereotype Clair er den snille, som aldri blir framstilt som nokon dårlig person, trass i at ho ikkje er tru mot mannen sin og stikker av for å ha sex med Lock på kontoret hans. Jason er udyret som er i vegen, som er for flink, for dårlig til å lytte, røykjer, gir feil namn til bilen osv. Han er den spolerer, og han er dum nok til å ikkje forsåt at Clair har eit forhold på si. Lock er den nesten perfekte, utanom dei ti kiloa ekstra, som eigentlig ikkje seier så mykje i denne historia. Sheoban er besteveninna som plutselig ikkje forstår. Okay, ikkje alle er like stereotype. Personlig likte eg best Sheoban, Clairs beste veninne.

Fleire i boka er i mot å ha forhold på si, men for meg verker det som om mange av dei òg kan tilgi seg det, at det er greit. Eg er så til dei grader ueinig. Det er noko av det mest umoralske, uetiske... Nei, eg skal halde opp. Mot min eigen vilje blei eg fenga av boka. Ho var eigentlig ganske godt skriven, bare du gadd å lese lenger enn side femti. Etter alle presentasjonar og alle beskrivingar var det eit bra språk som kom fram, og ting byrja å fortone seg ein smule meir positivt. Eg likte beskrivingane av glaset Clair arbeidde med. Det gidde litt meir perspektiv til boka.

Nokre scenar forstod eg ikkje heilt vitsen med. Dei var ikkje med på å skape den raude tråden gjennom boka, som eg sakna veldig. Sånn som prologen og Clairs ekskjærast på eit rom i Thailand med ei ung jente. Det var visse gonger eg hoppa over fleire setningar, som då det låg ei grundig detaljert liste over ein meny til gallaen. Då hoppa eg over mange setningar. Hadde det vore noko hårreisande med denne lista, noko morosamt, så kanskje, men ikkje når det bare var ordinær mat som stod på.

Likte sommerøya ein god del betre enn et sommereventyr. Sommerøya var betre og hadde fleire interessante personar og ei meir interessant handling. Ei travel mor med eit forhold på si er langt frå like gildt å lese om som fire kvinner aleine på ei øy.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Tusen takk for kommentaren din! :) Velkommen tilbake seinare

søk i bloggen min

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...