søndag 29. januar 2012

Bok: den glemte hagen av Kate Morton

1913 Etter en strabiøs sjøreise fra England til Australia blir en liten pike funnet forlatt. Alt hun kan huske fra reisen er at en mystisk kvinne, som hun kaller Forfatterinnen, har lovet å passe på henne. Men Forfatterinnen er sporløst forsvunnet.
1975 Nell er blitt en eldre dame, og reiser til England for å finne sannheten om foreldrene sine. Hennes søken fører henne til Cornwall, og det merkelige godset Blackburst, som en gang tilhørte den aristokratiske Mountrachet-familien.
2005 Nell dør og barnebarnet hennes, Cassandra, får en overraskende arv. Det lille huset Cliff Cottage på eiendommen til Blackburst Gods er beryktet blant lokalbefolkningen for sine hemmeligheter. Men det er her i Cliff Cottage, og i det lille husets glemte hagen, at Cassandra løser det gamle mysteriet om den lille, forlatte jenta.
Eg veit ikkje kva for ei av bøkene til Kate Morton, som eg har lese, som har vore best. Den glemte hagen og tilbake til Riverton er ganske jamnbyrdige etter mi meining, og dei er vanskelige å samanlikne på ein måte, for handlinga er så vidt forskjellig, utanom at på både Riverton Gods og på Blackburst Gods er det løyndommar, spenning og ein del spesielle folk.

Heile handlinga i boka facinerte meg og måten ho var oppbygd på. Eg elsker alt i frå spenninga rundt alt som skjer, til personane som Kate Morton har skrive om. Eg veit sjølv, sidan eg skriv mykje, at ein person skal ha ein personlegdom som er interessann (ikkje kjedelig), men dei skal heller ikkje ha eit perfekt liv, perfekt kroppsfarsong og gjere alt heilt riktig. Nancy Drew - og James Bond - personar finnes ikkje, og derfor så skal alle vere så menneskelige som mogleg for at dei som les skal like dei, og dette meistrar verkeleg Kate Morton. Personane hennar har alle noko spennande med seg, men ingen er "for perfekte."

Dette er ei bok det er verdt å lese, og med denne fengande skrivinga, handlinga og desse personane tek det ikkje langt tid å pløye seg gjennom nesten 600 sider. Boka anbefales på det sterkaste.

Andre som har laga omtale av denne boka er: (sidan eg ikkje skriv så mykje meir om boka nå)
Bokelskerinne
My first, my last, my everything

2 kommentarer:

  1. Dette er en av mine favoritt bøker. Elsker denne boka, ble ferdig med Tilbake til Riverton i dag. Den også var veldig fin, om jeg synes kanskje denne her er litt bedre:) Gleder meg til å lese flere bøker av Kate Morton:) Hun er kjempe flink:) Fin anmeldelse forresten:)

    SvarSlett
  2. Dette er en nydelig bok som jeg virkelig koste meg med!

    SvarSlett

Tusen takk for kommentaren din! :) Velkommen tilbake seinare

søk i bloggen min

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...