torsdag 28. april 2011

Anettes boktema A-Å, #F



Anettes boktema har starta eit nytt tema: Favorittbøker frå A til Å! Skriv eit innlegg om di favorittbok på E, og link innlegget ditt til siden til Anette (veldig viktig!). Lån gjerne logoen til Anette!


Så er det klart for bok på F. Eg måtte tenke litt gjennom det før eg kom på noko, men til slutt kom eg på ei av dei første bøkene eg blogga om her på bloggen: fengsla! Trykk på denne setninga så kjem du til det eg har skrive om den!


Og ein ting til: Kan de legge igjen bloggadressene dykkar i kommentar-feltet. Synes det er kjekt å lese andre bloggar òg!


:D:D:D

tirsdag 26. april 2011

topp 3 fantasifulle personar i bøkene

Klar for ny topp 3 igjen og denne gongen er det fantasifulle personar som står for tur.


Her er dei:


nummer 3:

Svinton Slipprush

Eg fann dessverre ikkje noko godt bilete av han, men eg kan seie at han er sjåføren på Fnattbussen i Harry Potter og fantaserer om å blit den yngste magiminsteren i historia i den fjerde boka. Han har god fantasi og fantaserer mykje om å bli berømt ein dag han òg.


nummer 2

Anne Shirley

Anne Shirley er som kjent ei som kan både snakke og fantasere og ho har svært livlig fantasi som ho utnyttar til dei grader.













nummer 1!!!!!!!!!

Lulla Luneskjær

Lulla er den kulaste personen i heile Harry Potter-serien etter mi meining. Ho er både sprø og fantasifull og trur verkeleg at det finnes krøøhorna snørkjuker. Ho fantaserer mykje om andre snåle ting òg som ikkje finnes! Også er ho usedavanlig sprø og minnar meg om meg sjølv!
Ho bryr seg heller ikkje om kva andre synes om henne!


:D:D:D

mandag 25. april 2011

It's Monday! What are you reading? #6




This is a weekly meme hosted by Sheila on Bookjourney. In this meme bookbloggers get together to share what they read last week, what they are currently reading and planning to read this week. Join in!




Books I read last week


- Verten by Stephenie Meyer


- Doble eller dø by Charlie Higson


- Tredje opptak by Karen Kingsbury


- Anne fra Bjørkely by Lucy Maud Montgommery


- Harry Potter and the prisoner of Azkaban by J K Rowling


- The Bible




Books I finished last week


- Verten by Stephenie Meyer


- Doble eller dø by Charlie Higson


- tredje opptak by Karen Kingsbury


- Anne fra Bjørkely by Lucy Maud Montgommery




Books I am reading now


- Harry Potter and the prisoner of Azkaban


- The Bible




Books I plan to read


- The Bible


- A Percy Jackson - book


What are you going to read this week?


:D:D:D

påskelesing

Hei. Nå er eg tilbake og har ikkje lenger påskeferie i frå bloggen. Har faktisk fått lest litt i påsken sidan eg tok meg ferie her i frå, og eg har nå tenkt å skrive om det, men før det kjem vil eg bare seie litt om det nye på bloggen. Under der de kan legge dykk til som følgarar ved å bruke google-kontoen dykkar kan de nå følge bloggen via e-mail. I tilllegg har det nå kome ny meiningsmåling same stad som før. Bare å stemme. :)


Så var det bøkene. Ei av dei har eg lese før! Me byrjar i frå den første eg las og fram til siste.


DOBLE ELLER DØ AV CHARLIE HIGSON

Dette er den tredje boka i serien om Young Bond eller James Bond. Det er langt i frå den beste for det er den heilt siste. (Den las eg først) Likevel sat eg med hjartet i halsen nesten heile tida mens eg las denne boka her. Skikkelig glad for at eg fann denne serien her.

Boka handlar om kodar, ein forsvunnen professor og to farlige brødre. Den er svært god og denne gongen har James Bond bare ei helg på seg til å få løyst mysteriet. Anbefales



TREDJE OPPTAK AV KAREN KINGSBURY

Bare elser denne boka her. Alt gjek slik eg ville. Det går bedre for Keith Ellison og Chase Ryan som driv med filmar og sånn, men livet tar likevel ein brå vending for Chase og han sluttar i filmselskapet for alltid. Eit medlem av Baxter-familien blir med og dei held fram.

Bailey Flanigan er framleis usikker på istt forhold til Tim Read og sine kjensler for Cody Coleman og romeveninna Anadi Ellison (dottera til Keith Ellison) er inneslutta og slit med ting. Korleis går det med dei? Boka anbefales.




ANNE FRA BJØRLELY AV LUCY MAUD MONTGOMMERY



Anne Shirley er eit barn som verken har foreldre eller anna slekt og er i frå eim barneheim kjem til søskenparet Marilla og Matthew Cuthbert i Avonlea på Bjørkely. Her bringer ho liv og glede inn i heimen. Marilla blir ofte lei av snakket og fantasien til Anne og hennar lyst til å ha alt somer vakkert og pynte med for mykje inne i huset, men kor mykje Ann ebetyr for henne finn ho ikkje ut før Anne er i ferd med å bli eldre.


Eg elsker desse bøkene om denne jenta og mange treng sikkert ikkje å vite det som står ovanfor her om boka fordi dei har lest den sjølve. Anne of Green Gables er ein av dei beste klassikarane me har etter mi meining og den rauhåra, livlige jenta med så god fantasi har sjarmert dei fleste.


Dei andre bøkene i serien:

Anne som frøken

Anne drar fra Bjørkely

Annes drømmehjem

Anne og regnbuedalen

Anne og Marilla

torsdag 21. april 2011

påskeferie

Har jo som dei fleste andre ungdommar påskeferie nå i frå skulen og har tenkt å ta meg ein liten ferie i frå bloggen òg. I mellomtida vil eg gjerne at du legg igjen linken til bloggen din så eg kan lese den. Du kan òg svare på meiningsmålinga på bloggen fram til søndag. Spørsmålet er kva de synes om Twilight-bøkene. Det er ingen som kan sjå kva de har stemt!






Eg tviler på at det blir nokon smakebit nå på søndag, men eg får sjå, så får me sjå korleis det går med lesinga i påsken. Nokon gode tips til bøker? Legg det gjerne igjen!






GOD PÅSKE!






Hald fram med å lese bloggen. Er det noko de likar ikkje likar med den, Likar tilbakemeldingar!




:D:D:D

Boktema hos Anette A-Å #E

Anettes boktema har starta eit nytt tema: Favorittbøker frå A til Å! Skriv eit innlegg om di favorittbok på E, og link innlegget ditt til siden til Anette (veldig viktig!). Lån gjerne logoen til Anette!

Mi yndlingsbok på E er nok Evighetens kyss av Stephenie Meyer. Blei heilt fasinert første gongen og måtte bare lese den ein gong til og ein gong til og ein gong til...

:D:D:D

tirsdag 19. april 2011

hjelp. jorda er innvandert


VERTEN AV STEPHENIE MEYER
Denne boka hoppa rett opp på topp 10-lista mi etter eg var ferdig med den, eller var det før? :) Husker ikkje, men den var i alle fall ein av dei beste bøkene eg har lese nokon gong. Stepehnie Meyer er bare sååååå god til å skrive. I denne boka skriv ho om når jorda blir innvandert av Sjelar og folka blir vertskap for desse sjelane. Melanie er eit av dei få vanlige menneksa igjen når ho blir vert for sjelen som heiter Vandrer. Men Vandrer er ikkje forberedt på at Melanie skal kjempe så mykje i mot. Saman prøver dei å finne mannen som dei ikkje har sett på lenge. Men kva skjer?

Denne boka fenga meg meir enn eg kan seie, og det var uvanlig å lese om eit kjærleiksforhold der det var tre stykk var innvolvert, men ikkje alle var i menneskeskikkelse ein gong!

Har du lese Verten? Kva syntes du om den?

:D:D:D

ps. minner om meinigsmåling til venstre i "margen."

mandag 18. april 2011

It's Monday! Whar are you reading? #5


This is a weekly meme hosted by Sheila on Bookjourney. In this meme bookbloggers get together to share what they read last week, what they are currently reading and planning to read this week. Join in!



Books I read last week


- Harry Potter and the order of the phoenix by J. K. Rowling


- Verten by Stephenie Meyer


- the Bible (as usual)



Book I finished last week


- Harry Potter and the order of the phoenix by J K Rowling



Book I read now


- Verten by Stehenie Meyer



Books I plan to read


- Hesten og hans gutt by C S Lewis


- Doble eller dø by Charlie Higson



What are you going to read?



:D:D:D


søndag 17. april 2011

VALG, midten og slutten av scene 3, kapittel 1

Eg er veldig fornøgd med det sist eg har skrive på dette. Målet er å blir ferdig med kapittel ein i dag! :) Liker kommentarar på kva de synes var bra/ikkje bra! :)



Plutselig ser eg noko kjent over skranken i resepsjonen: Kort, kvitt hår med masse rosa prikkar i. Nei, det kan ikkje vere ho som er her. Ikkje Evanna frå flyplassen. Nei, det må vere nokre andre. Eg set meg godt til rette i stolen og tar opp boka i frå veska og prøver å skyve vekk alle tankane på om det kan vere den brå og uhøflige jenta. For ho kan då ikkje vere her? Eg prøver å konsentrere meg om Percy Jackson som skal få has på lyntjuven og bringe lynkjelda tilbake til Olympos. «Nei, men hei.» Ei kjend stemme rungar gjennom resepsjonen og gir meg lyst til å springe vekk. Eg ser meg om. Det er ingen utveg. Eg kan ikkje late som eg ikkje høyrte henne. Det er jo ingen andre her. Ingen andre enn meg og ho og ein høg mørkhåra mann borta ved skranken. «Hei, Evanna. Eg såg deg ikkje,» lyg eg. Eg kikkar opp i frå boka. Om ho skilte seg ut på flyplassen var det ingenting i mot nå. Ho har på seg ein lysegrøn kjole som er så utringa at ingen kunne unngått å legge merke til det. I tillegg så er det ingenting som kunne vore styggare til det håret. «Me fekk ikkje snakka så mykje tidligare i dag, Elisabeth. Du virkar ikkje som ei som er i frå Norge. Du snakkar jo flytande engelsk. Ikkje sånn dumt meint altså, men burde du ikkje ha gått i strikkegenser eller noko eller kanskje hatt med deg skia dine.» Eg bit tennene saman for å ikkje seie noko stygt til ho. Sinnet kokar inni meg. Med beherska stemme seier eg: «Det er ikkje alle som er like i Norge heller då. Og uansett så er eg ikkje i frå ein av dei kaldaste stadene i Noreg.» «Nei, men korleis kan du snakke så godt engelsk.?» «Eg budde dei tre første åra av mitt liv i USA før mor og far blei skilt og eg og mor flytta til Noreg. Eg har to morsmål.» «Ja, tenkte eg det ikkje, så far din bur her.» «Ja,» seier eg mellom samanbitne tenner. Evanna set seg ned på sida av meg. Ho gjer ein rar rørsle med handa før ho ser på meg igjen med eit interessert blikk. Mannen som stod borte ved skranken kjem bort til oss. Ho flyttar blikket i frå meg og bort på han. «Dette er min søte kjærast Bryan,» smilar ho, «og Bryan, dette er mi gode veninne i frå flyplassen, Elisabeth.» Eg sperrar auga opp når eg høyrer ordet «god venn.» Eg er glad når eg høyrer det litle klikket i frå døra bak meg som tydar på at Cally er tilbake i frå toalettet. Med eit utbrytar Evanna: «Og dette må då vere veninna di. Presenter ho for meg.» Cally ser forundra opp. «Ehm, Evanna, dette er mi beste veninne i frå USA, Cally Morgans.» Evanna smilar eit falskt smil til Cally før ho seier til henne: «Cally, dette er då min kjærast Bryan. Me dreiv akkurat på å snakke om han då du kom. Han har jo nettopp vore på konferanse i Chicago der dei kjempar for at det skal bli lettare å ta abort, for tidligare ultralyd og slikt.» Ho klenger seg til armen til Bryan og ser opp på han med eit smiskete smil. «I tillegg så er han leiar her i Minnesota for organisasjonen som hjelper abortklinikkar og slikt.» «Å, for eit samantreff,» ler Cally. «Mi beste veninne i Luverne er leiar for organisasjonen i Minnesota for organisasjonen som er mot abort. Kanskje du kjenner ho.» Cally ser spørjande på Bryan. «Ho heiter Nicole Hale.» Eg drar Cally i armen. Ho bør ikkje seie meir om dette. Eg er allereie sint nok som det er og har heller lyst til å få eit tønne med hundedrit over meg enn å halde fram med samtalen. Den er i ferd med å røre seg ut på djupt farvatn. Bryan kremtar litt. Eg har allereie byrja å mislike den mørkhåre mannen med den «kjempeviktige» jobben. «Ja, det er vel nokon som må vere i mot meg òg reknar eg med,» humrar han. Han ser ut som om han vil bort fortast mogeleg. «Ja, Bryan har massevis av folk som er i mot han,» skyt Evanna inn. «Masse viktige folk faktisk. Dei jobbar jo for at det skal bli enklare for unge mødre å ta abort. Både før og etter hjelper abortklinikken dei med å forberede seg på det som skal skje.» Ho tar ein liten pause og pustar djupt inn før ho held fram: «Men det er jo dessverre ein del mødre som ikkje vil hjelp av oss òg sjølv om dei hadde tronge det.» «Bra det i alle fall er nokre fornuftige folk då,» seier eg kaldt. Evanna ser ikkje ut til å ha høyrt det siste og held fram: «Også hjelp me folk som gravide med born med Downs syndrom. Det er mange som er glade for det. Sånne ungar er jo ei ekstra belastning for både foreldre og samfunnet. Tenk på alle dei ekstra--» Lenger kjem ho ikkje. Eg kjenner det velkjente sinnet stige opp i meg som alltid kjem når folk kritiserer folk med Downs syndrom. Folk som Ingrid. «Korleis vågar du?» ropar eg. «Korleis vågar du å rakke ned på folk med Downs syndrom?» Heile kroppen min ristar. Eg kjenner at eg nesten er ute av kontroll. Det er som om det er eit raudt lag over auga mine. Som om Evanna er tyrefektaren og eg oksen. Ho står der med eit raudt flagg som gjer meg så sint at eg får lyst til å ryke på henne. Med eit kjenner eg ei varm hand på olbogen min; Cally. Ho stryk handa lett opp og ned. Eg prøver å puste djupt inn og ut eit par gonger før eg ser på Evanna igjen. Eg er framleis irritert, men eg nå har eg fått kontroll over sinnet. «Sa eg noko gale?» spør Evanna. Cally stirar på ho med eit giftig blikk som seier: «Kva trur du?» «Kom Evanna. Me går.» Det er Bryan. Han vil tydeligvis vekk i frå samtalen. Eller vekk i frå meg. Tanken får meg til å grøsse. Med raske skritt går dei ut av resepsjonen. Rett før dei kjemt til døra snur Evanna seg og sender meg eit lite smil. «Går det bra med deg, Beth?» Cally ser på meg med ein bekymra mine. «Ja. Det går betre nå.» Eg set meg rolig ned i stolen igjen. Cally tar den andre. «Du veit, eg blei så sint når dei kritiserte Ingrid på den måten,» kviskrar eg. «Det fekk meg til å bli så irritert at eg ikkje kunne sjå klart.» Cally nikkar. Ho forstår meg. Ho forstår at eg ikkje vil snakke om det. Når pappa kjem ned i resepsjonen sit med å snakkar igjen om heilt kvardagslige ting. «Nå, mine skjønne damer. Er de klare for ein tur på byen eller.» Me ler og særleg Emily.

meinigsmåling på bloggen

Hei, har nå fått meinigsmåling på bloggen min. Det vil vere ein kvar veke så det er bare å svare. Det vil for det meste vere om bøker. Håper alle har lyst til å svare. Ingen ser kva dykk har svart, til og med ikkje eg. Det er bare å trykke på alternaltivet du vil og etterpå trykke på vote-knappen!


Vekas sprøsmål er kva de synes om twilight-bøkene. Meinigsmålinga finn du på venstre side nest øverst i bloggen! :)


:D:D:D

smakebit på ein søndag #6

VERTEN Vi kjempet ikke imot. Vi lot oss drive medog vente mens tankene smatt inn og ut av tilfeldige minner. Vi nynnet en vuggevise mens vi ennå kunne tenke klart. Det var den samme som vi pleide å roe Jamie med når bakken var for hard eller lufta for kald eller frykten for stor til at han fikk sove. Vi kjente hodet hans i hulrommet under skulderen og ryggen hans mot armen. Og i neste øyeblikk kjentes det som om vårt hode lå under en bredere skulder og en ny vuggevise roet oss.
- opne boka du les i nå
- finn eit par setningar du kan dele med lesarane av bloggen (ver forsiktig, ikkje del setningar som kan avsløre for mykje. Då kan det øydelegge for dei som ønsker å lese boka
- legg igjen linken til blogginnlegget hjå Ladybug

lørdag 16. april 2011

konfirmasjonsforeberedelsar

Jepp, her i huset forbereder me oss nå på min store dag som eg gler meg sabla mykje til! :) Bunaden er snart ferdig og bodrkorta er eg halvegs med. Skal snart sette meg ned å ta litt fleire. Mor er i full gang med sang og pappa har scanna bilete av meg innpå PCen sin så me planlegg for fullt. Bunaden eg skal ha er Frafjord, svart med gul vest. Fann dessverre ikkje noko bilete av den eg skal ha, men bordkorta har eg sjølvsag bilete av. :) Kva dynes de? konfirmasjonen skal eg ha på Köhlerpaviljongen. Kan legge ut bilete av det òg. Fint eller? :D:D:D

ekorn som flyg


URCHIN AV DE DANSEDE STJERNER AV M. I. MCALISTER

Ja, eg veit at bloggen min er lite oppdatert og at eg gløymte å skrive at las denne boka, men nå skal eg oppdatere den sånn de ser kva eg les og kva eg har lese. Som de ser så las eg nettopp første bok i Tåkemantelkrønikken om igjen for andre eller tredje gong. Denne boka handlar altså om pasjen Urchin som er eit uvanlig ekorn og er kjent som ekornet med den rare farge på pelsen. I denne boka bekjempar han det vonde som har kome til øya Tåkemantel og prøver å vise truskap til den forviste kaptein Crispin. Boka anbefales. Er det forresten nokon som har lese Urchin og ravnerkrigen og som kan seie noko om korleis dei syntes den var? Har ennå ikkje hatt lyst til å lese den, men eg håper på at eg får gjort det ein eller annan gong.


:D:D:D

torsdag 14. april 2011

TOPP 3, førebilete i bøkene


Tenkte å ha noko nytt i dag: dine topp tre førebilete i frå bøkene du har lese! :) Nå er de vel spente! :)






TREDJE PLASS:

Albus Humlesnurr

Fem gode grunnar for tredje plassen:

god humor

god moral

gir god støtte til andre

direkte

god med magi





ANDRE PLASS: HERMINE GRANG






Elsker denne jenta, Ho er livlig, pliktoppfyllande, teperementsfull og skuleflink. Ho er kanskje litt skrytet og litt sjefete i den først boka, men eller er ho bare topp! :)









FØRSTE PLASS: VERDAS FLOTTASTE PERSON, JESUS!







Han er hovudpersonen i verdas med berømte bok og eit flott førebilete for alle. Han gjorde meir for meg enn nokon andre nokon gong kjem til å gjere. Eg er ikkje redd for å seie at eg trur at denne fantastiske personen finnes i dag og at han døydde for at eg skal få møte han. Og det er det påsken handlar om. I dag er det palmehelga byrjar og påsken og då skal me huske på dette fantastiske førebilete me har! :)




:D:D:D

Temmelig hemmelig!!!!!


HARRY POTTER AND THE ORDER OF THE PHOENIX AV J. K. ROWLING

Denne Harry Potter-boka er full av ting som er hemmelige og farlige. I frå å vere ein gut som ikkje visste at Galtvort, djevelsnarar og rumpeldunk fantes har han nå stått foran fleire farar enn dei fleste voksne trollmenn og i denne boka er han på kant med både magidepartementet og magiministaren, eliksirlæraren og sist, men ikkje minst: Læraren i forsvar mot svartekunster! Dolorosa Uffert er i mot praktisk bruk av magi i timane, noko som er starten på Humlesnurr-legionen og kampen for å få magidepartementet til å tru på at Vodemort er tilbake, noko som viser seg å vere usedvanlig vanskelig. I tillegg står både Harry og vennene ovanfor større farer enn noko gong.

Eg valgte å lese boka på engelsk fordi eg synes at desse bøkeneer best på engelsk og det er spennande å prøve. Boka anbefales!


:D:D:D


Ps. Har du lese boka kan du utrykke di meining under innlegget. Huk av i ei av rutene under her. :D

Boktema hos Anette A-Å#D



Anettes boktema har starta eit nytt tema: Favorittbøker frå A til Å! Skriv eit innlegg om di favorittbok på D, og link innlegget ditt til siden til Anette (veldig viktig!). Lån gjerne logoen til Anette!


Mi favorittbok på D er De to hanskene av Kari Vinje. Det er faktsik ei barnebok, men fantastisk godt skriven og det er om eit fint tema som er vanskelig å forstå: Døden.


tirsdag 12. april 2011

Dette går seint...

Sorry for så lite blogging osv. Eg har rett og slett ikkje hatt tid til å blogge eller lese så mykje nå i det siste. Eg tenkte eigentlig å lese ut boka laurdag, men då trong eg å kome meg ut på ein joggetur i tillegg til at eg slappa mykje av, var på møte og lovsangskonsert på kvelden, vaska vaskerommet, kjøpte nye joggesko og mykje meir. Men nå håper eg at eg snart er ferdig med boka eg held på med, det går bare litt treigt. Håpar at alle de der ute kan tilgi meg også snakkes med i morgon. Go' natt! :D:D:D ps. kva les du nå? Har du nokre tips til meg. Mottar gjerne nye lesetips! :) Hald fram med å lese bloggen min!

mandag 11. april 2011

It`s Monday! What are you reading? #4


This is a weekly meme hosted by Sheila on Bookjourney. In this meme bookbloggers get together to share what they read last week, what they are currently reading and planning to read this week. Join in!


I am not happy. The same book the whole week. That is not ok!


Book I read last week

- Harry Potter and the order of phoenix by J. K Rowling

- the Bible (as usual)


Book I finished last week

- noone :(


Books I read now

-Harry Potter and the order of phoenix

- the Bible


Books I plan to read

- tredje opptak by Karen Kingsbury

- the Bible (always)


What are you going to read this week?

:D:D:D



søndag 10. april 2011

smakebit på ein søndag #5


Eg veit at dette høyres sløvt ut, men boka eg les er framleis:

HARRY POTTER AND THE ORDER OF PHOENIX

"You have done weel to me this," said Harry. "Very well...I have wasted months on fruitless schemes, it seems...but no matter... we begin again, from now. You have Lord Voldemort`s gratitude, Rockwood..."


Bli med på ein smakebit på ein søndag du òg!


- opne boka du les i nå

- finn eit par setningar du kan dele med lesarane av bloggen (ver forsiktig, ikkje del setningar som avslører for mykje. Då kan det øydelegge for dei som ønsker å lese boka

- legg igjen koblinga til innlegget hjå Ladybug

torsdag 7. april 2011

Babbel i Babel

Er nettopp ferdig med revyen Babbel i Babel på skulen. Det handla om kor ordet babbel kjem i frå og kva som skjer når alle vil vere best og flinkast og ikkje bryr seg om andre. Då gjekk me tilbake til en meir moderne versjon av Tårnet i Babel med tre jærbuar, tre svenskar, tre engelskmenn, tre tyskarar og tre latinamerikanarar. I kvar gruppe var det ein leiar, ein romantikkar og ein humorist. Det gjaldt å bygge tårnet høgast opp, men kva skjedde då det blei for høgt. Jo. leiaren for altinamerikanarane og leiaren for tyskaren raste heile tårnet med fullt i bruskassar. Eg var engelsk leiar og måtte skunde meg ut for å få av mikrofonen så eg kunne ikkje rase tårnet saman med dei andre fire på scenen. :( Her er nokre bilete. Kva synes de? Her står eg og skal ønske velkommen saman ed veninna mi! Gløymte nesten alltid kva eg skulle seie om forestillinga :( Har nettopp svart på jærbuane sin leiar sin idè om å bygge eit høgt tårn som når heilt oppt il himmenlen. Replikken min var: "Yes, yes, det er en kjempegood idè!" Står oppå "mursteinane" og dansar til byggmester Bob. Fint engelsk anntrekk. (buksa er mi som eg fekk til jul) Det var meininga at engelskmennene skulle vere "pene" tedrikkarar, snakke med "pen" aksent og gå "pent." På nest siste forestilling så gløymte eg å ta med ut kopp til den romantiske engelskmannen og då tok han min tekopp og sa: "Dette har du ikkje godt av." Eg byrja nesten å le og var akkurat då glad for at mikrofoneen min ikkje verka. FLAUT! På veg ned i frå scenen mitt i eit stort språkkaos! :D Alle sprang rundt i salen og snakka bare sitt språk. Dei ulike gruppene forstod ikkje kvarandre. Og etter på var det mi kjære veninne som gjekk ut på scenen som vismann og så var det slutt og me byrja og danse Glow alle saman! :D Dette blei litt rotete layout. Det første på skrå er for første bilete. Det nadre på skrå er for det trefje bilete. Det innimellom er for andre og fjerde. Kva synens de? :D:D:D Ps. Det er ei i klassen min som heiter Aleksandra som har tatt bileta! Du er super fotograf! :D

Boktema hos Anette A-Å#C



Anettes boktema har starta eit nytt tema: Favorittbøker frå A til Å! Skriv eit innlegg om di favorittbok på C, og link innlegget ditt til siden til Anette (veldig viktig!). Lån gjerne logoen til Anette!



Eg veit rett og slett ikkje om eg har lese ei einaste bok som byrjar på C! Det kan vere, men eg trur ikkje det.



Men har du lese ei bok på C som du likte? kvifor ei?



:D:D:D

tirsdag 5. april 2011

VALG, slutten av scene 2 og byrjinga av scene 3, kapittel ein, mi forteljing#1

Ok, her er noko so eg syntes blei betre. Det mangkar framleis litt på det og det kan bli mykje betre, men eg er fornøgd. Kva synes du? Forteljinga er dt som er merka med ekstra tjukk skrift. Blei litt tull med avsnitt i dette innlegget. Det som òg er merka med skrå skrift er bryjinga av scene 3! :D «Beth?» Eg har ikkje høyrt stemma på over eit år, men likevel er den så gjenkjenneleg at eg med ein gong veit kven det er. «Cally!» Eg snur meg til staden der stemma kjem i frå. Der er ho. Høg og slank i ein av dei mange gule singletane sine. Ho drar opp solbrillene så dei ligg oppå hovudet, og det lange lyse året blir tvinga bakover. «Beth, det er verkelig deg!» Ho går raskt mot meg og gir meg ein etterlengta klem. «It's so long time ago since last time we met each other,» utbrytar ho. «Det har skjedd så mykje som eg bare må fortelje deg om, men de tek me seinare. Korleis går det med deg?» Ho dreg ivrig den rosa kofferten min etter seg mens ho går mot utgangsdørene i andre enden av ankomsthallen. «Great,» mumlar eg. Føtene mine må småspringe for å halde tritt med dei lange skritta hennar. Eg hutrar når eg kjem ut etter å ha vore så lenge i den varme hallen. Himmelen er overskya og eg vil tippe det til å vere rundt seks grader utanfor. Cally fører meg raskt over parkeringsplassen i mellom alle bilane og bort til den kjente forden til pappa og stemora mi, Emily. Med ein gong pappa ser meg sprett han ut or bilen og gir meg ein god klem. «Hello, Beth. Finally you are here.» Så tar han kofferten min i frå Cally og set den inn bak. Eg opnar døra og kryp inn i baksetet. Cally føljer fort etter meg og sett seg ned på sida. «Hei Elisabeth,» seier Emily i frå framsetet. Ho brukar alltid heile namnet til folk. Det er umogleg å få ho til å kalle meg Beth uansett kor mykje eg prøver. Pappa sett bilen i gang og kjører sakte ut or parkeringsplassen. «Eg tenkte me kunne unne oss litt luksus nå første kvelden. Eg bestilte plass til oss på Radisson Plaza Hotel her i Minneapolis. Kva seier de jenter. Klar for litt meir luksus enn vanlig?» «Yes,» ropar Emily og Cally i munnen på kvarandre. «Er du seriøs, pappa?» Eg ser måpande på han. «Er ikkje det hotellet fryktelig dyrt?» «Me skal nok klare oss jenta mi. Du treng ikkje uroe deg for økonomien. Og det er jo bare for ei natt.» «Det var ikkje slik eg meinte deg,» Eg raudnar. Eg meinte ikkje å seie at pappa er fattig. Tvert i mot er han kanskje den rikaste eg kjenner. Eg ser ned på skoa mine før eg ser bort på Cally. Ho sit framoverlent i setet sitt og ser ut på vegen på alt me kjører forbi. Ho ser bort på meg og møter blikket mitt før ho smiler. «Jenter, nå må de snart vere ferdige,» ropar pappa utanfor døra inn til badet. «Ok,» ropar eg tilbake mens eg set i den siste klemma i håret til Cally. Ho snur seg mot meg. Det er nesten som eg mistar pusten. Jenta som alltid går i rideklede og aldri er særleg opptatt av hår og andre ting sit her med sminka andlet, håret oppsett og krølla. Ho retar på den rosa stroppe-lause kjolen sin og ser på meg. Eg ser tilbake på og reiser meg opp i frå krakken. Det er uvanlig å gå i den lyse brune kjolen som Emily har kjøpt til meg. Den går rett av ved knea og har ei diger sløyfe på venstre side oppe ved skuldra. Eg ser meg ein siste gong i andletet. Fletta Cally har laga ligg framleis fint over høgre skulder. Det er uvant og sjå seg sjølv med blå augeskugge og rosa lepestift. «Me går ned i lobbyen,» seier eg til far og går ut døra i frå hotellrommet. Eg høyrer at Cally føljer hakk i hæl. Med vanlige sko er ho vanligvis litt høgare enn meg, men å når eg går med flate og ho med platåsko er det nesten som å sjå opp på ein skyskrapar. Nede i lobbyen set eg meg i ein stol mens Cally går inn på toalettet for å rette på håret sitt. Det er godt å senke ned i dei mjuke stolane som er der. Eg tek eit eit drops i frå skåla på bordet og suger på det mens eg venter. Endelig er eg her. Endelig har eg møtt Cally igjen. Når eg tenker meg om er ho den aller beste veninna eg har her borte til tross for at det er nesten to år mellom oss. :D:D:D

mandag 4. april 2011

angrar...

Eg angrar på det eg la ut av forteljinga mi i går. Det var sjukt dårlig i forh
old til det andre. Eg kjem til å slette det i frå heile forteljinga på valg og endre innleggstittelen til dåeli
g utkast, så viss du går på etiketten sjølvlaga får du framleis sjå det eg skreiv i går som eg ikkje er så stolt over som det andre. På det andre eg har skrive er eg glad for tilbakemeldingar på kva de synes. Om de liker det/ikkje liker det! :D Kva eg kan gjer betre og kva som var bra.

:D :D :D

It`s Monday! What are you reading? #3


This is a weekly meme hosted by Sheila on Bookjourney. In this meme bookbloggers get together to share what they read last week, what they are currently reading and planning to read this week. Join in!


Books I read last week

- the boy in striped pyjamas by John Boyne

- andre opptak by Karen Kingsbury

- Harry Potter and the order of phoenix by Joanne Kathleen Rowling


Books I finished last week

- the boy in striped pyjamas by John Boyne

- andre opptak by Karen Kingsbury


The book I am reading now

- Harry Potter and the order of phoenix by Joanne Kathleen Rowling


Books I plan to read:

I am planing to read Verten by Stephenie Meyer this week after I have read the Harry Poter - book I am reding now.


What are you planing to read?

:D:D:D

søndag 3. april 2011

VALG, dårlig og ikkje med! :D

Det eg skreiv i dag er kanskje ikkje det beste og eg må heilt klart finpusse det lit, men det er bare første utkast. Håpar det liker det. For å lese meir kan de gå inn på sida som heiter VALG. Eg strekk meg etter sekken som har kome langt under stolen min. Den ligg langt under og armen min er for kort. Eg strekk ut fingrane og armen så langt at det nesten gjer vondt. Til slutt får eg tak rundt hempa og greier å flytte den bort til meg. Når eg løftar den opp høyrer eg noko slamre mot noko anna. «Shit,» mumlar eg - utan å tenke på kor eg er – og opnar sekken litt. Det er vassflaske mi. Korken har tydeligvis gått opp i løpet av turen og alt vatnet har rent utover i sekken. Eg set sekken forsiktig oppå knea og tek opp vassflaska. Den er blaut av alt vatnet den har sleppt ut. Eg lirkar forsiktig opp pakka med papir-lommetørkle og ser fortvila at dei òg er blaute. For at det ikkje skal skje nok ei ulukke sikrar eg vassflaska, før eg røskar uforsiktig nedi sekken og ser at nesten alt er blaut. Fotografiet av Ingrid, boka om Percy Jackson og lyntyven, toalettveska, reisepapira, passet... Absolutt alt. Eg strekk meg etter mobilen. Det er då eg kjem på det. Den er der oppi. Oppi sekken min. Med fullt i blaute ting. Eg røskar nedi sekken. Den ligg nederst. Fuktig og blaut...og daud. Nei, det kan den ikkje vere. Den kan ikkje vere daud, tenker eg. Den er bare avskrudd. Eg skrudde den jo av på flyturen seier eg til meg sjølv. Eg kan akkurat no ikkje huske om eg hadde den på flymodus eller ikkje. Men den kan jo vere utlada, seier eg til meg sjølv. Eg trykker på på-knappen og håpar på at det skjer noko. Ingenting. Ingen lys om viser at den er på. Ingen liten melodi som kjem...Eg trykker ein gong til.-..to gonger til...tre...fire...Det er umogeleg. Den viser ikkje teikn til å vere i orden. Eg legg hovudet i hendene..Kva er det som skjer? Eg høyrer raske skritt og ein person dultar borti knea mine så sekken dett ned.Eit stort dump høyres i det den treff golvet. Eg veit kva som kjem til å skje. Alle tinga flyt bortover golvet. Eg ser jenta eg snakka med tidligare vere på rask veg bort i frå meg. Det var ho! Auga mine følger ho mens ho går over golvet. Ho gjorde det med vilje. Det er eg sikker på. Viss blikk kunne drepe... Kroppen min legg seg ned på alle fire, og eg forbannar meg sjølv for å alltid å vere så veldig dum og tankelaus. No ligg eg her på golvet på ein flyplass i Minneapolis og har ikkje mobil eller noko aning om kor tid pappa, Emily og Cally vil komme og hente meg. Eg er einsam og har ingen å snakke med. Lommeboka ligg begravd nederst i kofferten og eg kan ikkje gå ut i tilfelle dei kjem i mellomtida. «Do you kneed som help?» Stemma er kjent. Den spør om eg trenger hjelp. «JA!» vil eg rope. Eg ville ha skrike det ut hadde det ikkje vore for at eg er så utrulig glad for kven stemma tilhøyrer. Eg ser opp på den høge skikkelsen som bøyer seg over meg. Andletet mitt gjenspeiler seg i brillene hennar. Bak dei er det gjømte nokre sjokoladebrune auge som er så kjente. Håret hennar er feste i to lyse fletter som rekk heilt ned til livet hennar. Munnen hennar er liten og raud og eg står så nøre at eg kjenner de gode dufta av parfymen hennar i frå her. «Cally!» ropar eg. «Endelig. Eg har venta så lenge!» Eg reiser meg opp i frå golvet og børstar av knea før eg gir ho ein lang klem. Eg er så glad for å sjå besteveninna mi at eg nesten ikkje kan vente til eg får snakka med ho. Spurt om korleis folk har det, kva som har forandra seg på det året sidan eg møtte ho sist... «Det ser ut som om du treng litt hjelp her,» seier ho omsider og trekk seg vekk i frå klemmen. «Ja, det skal vere sikkert og visst,» samtykker eg og fortel raskt kva som skjedde. Cally følger nøye med mens ho plukkar opp tinga og legg dei i sekken min. Ho er rask til å plukke opptinga og høyrer nøye etter på meg. Til slutt gir ho sekken til meg. «...og no funkar ikkje mobilen min heller,» avsluttar eg og tar i mot den. Cally ser på meg og er tydeligvis glad for at det ikkje er ho som har vore utfor alt dette. «Kom,» seier ho. «Far din ventar rett utfor her.» Eg lar ho trekke meg over golvet og ut av flyplassen. Endelig. Eg er ute. Sjølv om det er kaldt er eg ute.

smakebit på ein søndag #4


HARRY POTTER AND THE ORDER OF THE PHOENIX

"There was laughter inside his own head, shrill, high-pitched laughter... he could smell the dementors putrid, death-old breath filling his own lungs, drowning him - think ... something happy... "

Bli med på "en smakebit på en søndag" du òg

- opne boka du les i no

- Finn eit par setningar du kan dele med lesarane av bloggen (ver forsiktig, ikkje del setningar som kan avsløre for mykje, då kan det øydelegge for dei som ønsker å lese boka)

- Legg igjen linken til innlegget ditt hjå Ladybug. Ho samlar alle smakebitane

lørdag 2. april 2011

bok: andre opptak av Karen Kingsbury

ANDRE OPPTAK AV KAREN KINGSBURY Då blei eg ferdig med denne boka i dag og eg har nok ein gong hatt ei god leseoppleving. Det er stridt å vere filmprodusent i Hollywood fann dei ut i denne boka. Keith har ein fordel av å ha kona Lisa på laget mens Chase slit i ekteskapet. I tillegg har Lisa og Keith problemer med dottera Andi som vil leve livet sitt sølv og ryddar vekk mange kristne verdiar på vegen til å bli skodespelar. Bailey trekkes i mellom å vere kjærast med Tim Reed og å vere venn med Cody Coleman. Anbefales.

søk i bloggen min

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...