torsdag 31. mars 2011

Lesemål april 2011

Hei. Viss du nå går på bøker så finn du oversikt over alle bøkene eg blei ferdig med nå i mars. Les eg mykje i dag kan det vere at eg kan legge til andre opptak av Karen Kingsbury på lista.

Men her er i alle fall lesemåla mine for april 2011


- Verten av Stephenie Meyer

- Harry Potter and the order of Phonix av J. K. Rowling

- Tredje opptak av Karen Kingsbury

- Urchin og de dansene stjerner av McAlister

- Hesten og hans gutt av C. S. Lewis

-bli ferdig med andre opptak av Karen Kingsbury


Kva er dine lesemål for april?

Mai Lene

Boktema hos Anette A-Å, #B


Anettes boktema har starta eit nytt tema: Favorittbøker frå A til Å! Skriv eit innlegg om di favorittbok på A, og link innlegget ditt til siden til Anette (veldig viktig!). Lån gjerne logoen til Anette!


Mi favorittbok på B må vere kanskje blodfeber av Charlie Higson eller berømt av Karen Kingsbury. Begge har eg lest det siste året og er svært gode! Blodfeber las eg faktisk no i mars!


Kva er dine favorittbøker på B?

onsdag 30. mars 2011

må ikkje røpe for mykje...

GUTTEN I DEN STRIPETE PYJAMASEN AV JOHN BOYNE
Eit tridy hus, to gutar og ein familie på fire. Kva meir kan eg seie utan å røpe for mykje. Jo, ok, eg kan seie at handlinga foregår i 2. verdskrig, at det handlar om eit forbode vennskap og at du bør lese det. Sorry for litt lite beskrivingar av denne boka, men det er sånn det blir. Den anbefales!


Men ein ting eg lurar på er: kvifor må filmen vere så inni granskogen mykje bedre enn boka??????

tirsdag 29. mars 2011

spørrerunde


Hei. Har det noko de vil spørje meg om om kva bøker/forfattarar/filmar/musikk eg liker. Eg skal besvare alle spørmåla så godt eg kan! :D

I WARNED YOU...

...ABOUT DON`T DISTURBING ME WHILE I AM READING A BOOK! For kva er vel verre enn å bli så forstyrra om så bare for eit lite minutt mens du sit med nasa ned i ei bok og er heilt med? Fullt i spørsmål om eg har gjort det og det og har eg ikkje gjort det så må eg gjere. Då er det bedre å bare gjer alt du må gjere sjølv om det kostar fleire dyrebare minutt! Sånn når eg deiser ned i stolen igjen er eg sur og oppgitt og glad for å (endelig) kome tilbake til boka mi. Har du det sånn kanskje?? ;D

mandag 28. mars 2011

Bok: Ever-for alltid av Alyson Nöel


Dette var ei svært interresant bok som minna meg litt om twilight. Udødelige folk osv. Men det er likevel ikkje den beste eg har lese skal eg innrømme. Eg meinar: ingen gutt kan bli så perfekt som Damen Auguste er i denne. Det må då vere forferdelig vankelig.

Kort fortalt så handla denne boka om Ever som er synsk og kan lese auraen til folk. Damen er den einaste som kan få styr på dette og ho forelskar seg i han. Anbefales!

It`s Monday! What are you reading?#2


This is a weekly meme hosted by Sheila on Bookjourney. In this meme bookbloggers get together to share what they read last week, what they are currently reading and planning to read this week. I found it on a blog made by Elida, my first, my last, my everything. Join in!


Books I read last week

- første opptak by Karen Kingsbury

- Ever - for alltid by Alyson Noël


Books i finished last week

- Første opptak by Ksren Kingsbury

- Ever - for alltid by Alyson Noël


Book I read now

- the boy in the striped pyjamas by John Bpyne


Books I plan to read

- Andre Opttak by Karen Kingsbury

søndag 27. mars 2011

Boktema hjå Anette A-Å, #A


Anettes boktema har starta eit nytt tema: Favorittbøker frå A til Å! Skriv eit innlegg om di favorittbok på A, og link innlegget ditt til siden til Anette (veldig viktig!). Lån gjerne logoen til Anette!


ne favorittbøker på A er nok Alle har eit sultent hjerte av Bjørn Sortland og Anne fra Bjørkely. Alle har eit sultent hjerte var den første boka eg las av Bjørn Sortland som ikkje var i ein serie og som var litt meir for ungdom. Den ligg blandt anna på topp ti lista mi! Anne fra Bjørkely var den første boka i den serien eg las og eg blei heilt hekta, men eg liker best de første boka!

smakebit på ein søndag #3


Ever - for alltid

"Drina?" sier Damen og reiser seg så fort at hele kroppen hans blir utydelig.

"Kjenner du henne?" spør Haven, men Damen er allerede forsvunnet, han går so fort at vi har problemer med å følge med.

Jeg løper bak Haven, oppsatt på å ta henne igjen, desperat etter å forklare, men når vi når frem til hagedørene og jeg griper fatt i skulderen hennes, blir jeg fyllt av et sånt mørke, sånt voldsomt sinne og fortvilelse at ordene fryser til is på tungen min.

Så trekker hun seg unna, kaster et rasende blikk på meg over skulderen og sier: "Jeg sa jo at du er en elendig løgner," før hun fortsetter videre.


Bli med på "en smakebit på en søndag" du òg

- opne boka du les i no

- Finn eit par setningar du kan dele med lesarane av bloggen (ver forsiktig, ikkje del setningar som kan avsløre for mykje, då kan det øydelegge for dei som ønsker å lese boka)

- Legg igjen linken til innlegget ditt hjå Ladybug. Ho samlar alle smakebitane

torsdag 24. mars 2011

Bloominton igjen

FØRSTE OPPTAK AV KRAEN KINGSBURY
Ok, eg skal innrømme at eg igjen har vore i Bllomington i Karen Kingsbury si verd. ghar sikkert ikkje frtalt dykk om at eg elsker bøkene hennar og har lest alle seriane om Baxterfamilien. Denne boka handlar òg om film og nokon som har lyst til å forvanlde verda med filmen dei held på med, men det er lett å miste motet når du har for lite pengar til å kome i hamn.
Anbefales

Les òg av Karen Kingsbury
Forsoningsserien
Forsoningen
minner
hjemkomsten
gleder
gjennforeningen
førstefødtserien
berømmelse
tilgivelse
funnet
familie
for alltid
daggryserien
soloppgang
sommer
skumring
solnedgang
Alle bøkene handler om Baxter-familien! Anbefales!

onsdag 23. mars 2011

ingen skrive sperre







Pleier vanligvis å få skrivesperre etter 1/4 til ei halv side og så slutte på skriveprosjektet mitt, men eg har ikkje gjort det og har kome over to sider påveg. men eg trur òg eg veit kva det er: eg kjenner meg meir knytta til historia og forteljinga nå enn før. Viss eghadde truffe hovudpersonen Elisabeth hadde eg med ein gong visst at det var ho. Dei er som venner nå og eg kan ikkje kutte dei ut. Nesten umogeleg!

Mai Lene

tirsdag 22. mars 2011

Livet mitt er ikkje bare bøker


Sjølv om dette eigentlig skal vere ein blogg om bøker så vil eg fortelje litt om det som skjer rundt meg nå for tida. Aller først kan eg vel starte med den konge revyen me skal ha på Tryggheim ungdomsskule der eg skal vere ein av tre engelskmenn og snakke skikkelig "pent." Eg skal faktisk vere leiar over dei andre negelskmennene. Me skal vere med å bygge eit stort tårn og me som er engelske skal kome inn til sangen til "to have a teaparty" av the Wiggles. Babbel i Babel heiter revyen. Det er premiere på Tryggeheim vgs i møtesalen onsdag 6. april klokka 19.00. Eg har ikkje fått øvd så mykje på rolla ennå på grunn av veldig dårlig hals og litt dårlig helse. Men det bedrar seg nok. Det får e ghåpe, og til 11. april så må den vere på topp; då skal eg på audition til Unge spor og eg gler meg så mykje! Og gruar meg litt. Eg har så lyst å kome inn i Unge Spor som ein av dansarane! Kryss fingrane folkens! :D

Mai Lene

mandag 21. mars 2011

VALG, 2. scene i kapittel ein, mi forteljing #1

Nytt utdrag av forteljinga eg skriv på. Eg er stolt over det eg har skrive no. Særlig over å ha lagt den jenta som hovudpersonene møter i denne scenen. Ho har ein sterk personlighet som eg håpar på at vil dukke opp seinare!


Eg har gjort det. Eg står her. Eg står faktisk her i lilla Bergans-dunjakke og gode, svarte vinterstøvlettar med snøring.. Det er ikkje like vanskelig lenger når eg har fått alt det andre bak meg og står her i ankomsthallen på flyplassen i Minneapolis. No ser eg ikkje lenger Ingrid stå der med tårer i dei mandelforma auga. Ho ser ikkje lenger på meg med det klagande blikket. Eg har greidd å få det ut av tankane. Det harde grepet ho haldt om meg med dei korte og litt tjukke fingrane sine. Grepet ho hadde om armane mine og jakka mi. Eg har til å med greidd å få vekk dei få setningane ho sa med den mørke stemma si: «Reiser du i frå meg fordi eg har Downs syndrom? For i så fall så er du den dummaste eg kjenner.» Ho trakk seg vekk i frå meg igjen mens eg forsikra ho om at det var ikkje derfor. Som eg kjem til å savne ho. Savne ho meir enn eg har gjort nokon gong. Eg bør skrive ein e-post til ho med ein gong eg kjem fram til hotellet. Eg sett meg ned i ein stolane som står på rekke og rad i hallen og ventar på dei. Eg fekk melding i frå pappa for ei stund sida om at dei bare er veldig forsinka og at eg må vente. For ein gongs skuld er det ikkje flyet.
Mens eg sit og ventar på dei ser eg på alt det merkelige som går føre seg i inngangshallen. Det er så interessant å sjå på folk som kjem og går. Avskjed, gjenforeiningar, forretningsfolk som hastar over golvet for å rekke eit viktig møte...
Ei jente på min alder kastar seg ned på sida av meg. Eg trur i alle fall det er ei jente. Håret er klyppa kort og er farga kvitt med rosa flekkar. Ansiktet har eit mutt uttrykk. Eg ser ikkje kleda på grunn av den store veska ho har i fanget sitt. Ho drar opp ein iPhone av veska og byrjar å trykke iherdig på den. Fingrane springer over skjermen. Det virkar som om ho sender melding til nokon. I så fall er den i alle fall lang. Ho stønner surt etter ei stund og slenger mobilen tilbake i veska.
«I hat planes that is too late.» Ho snur seg plutselig mot meg. «Gjer ikkje du òg det? Eg kan i alle fall ikkje fordra det.»
Eg stirar mållaust på jenta.
«Ehm, Jo då.» Kva anna skal eg seie?
«Ja, fordi kjærasten min skulle liksom kome i frå Chicago klokka halv fire og no er den liksom halv fem og eg har enno ikkje høyrt eit ord i frå han.»
«Så synd,» mumlar eg utan noko innleving. Kven er denne jenta som bare sett seg ned og snakkar med ein heilt framand person som ho ikkje kjenner?
«Kva heiter du?» våger eg meg til slutt til å spør.
«Evanna. Evanna Freeman.»
«Elisabeth. Elisabeth Craig.» Eg strekk ut handa, men ho tar den ikkje. Seier bare: «Fint namn.Kor er du i frå?»
«Norway,» seier eg overraska over kor uhøflig ho er.
«Okey, er det ikkje dykk som går rundt og trur at dykk er best og slikt fordi de bur i det beste landet i verda og har mykje pengar?» Ho har hovudet i mobilen igjen no og trykker iherdig på skjermen.
Eg blir tatt på senga. Kven er ho? Kvifor spør ho sånn?
«Kor kjem du i frå då?»
«Opprinnelig i frå Nashville, men må bur eg i Minneapolis.»
Ho reiser seg brått opp. «Eg må gå.» Så forsvinn ho. Eg ser framleis litt av det snåle håret hennar stikke opp bak nokre folk.

Forfattaren i mars

Viss du har sett på sida om faste innlegg ser dykk at annan kvar månad kjem det ut litt fakta om ein forfattar. Dette er for å tipse dykk om kanskje litt nye forfattarar som dykk kanskje vil lese litt om og lære meir om. Håpar de liker det! Gi meg gjerne tips til nye forfattarar eg kan lese bøker av og finne meir ut om!


ANETTE MUNCH

Anette Munch blei født 10. januar på Rikshospitalet i 1981 halvannan måne for tidlig. Ho har ei norsk mor og ein tysk far og ei fire år eldre storesyster. I 1987 byrja ho på Levre barneskule i Bærum. Ho hadde mange hobbyar som blandt anna spele keyboard, leke med sverd, prøve diverse idrettar (friidrett, fotball, jazzbalett og symjing), går på tyskkurs ei lita stund, går på teikne og malekurs, lese bøker og skrive på skrivemaskinen på Mora og faren sitt kontor. Ho byggde òg hytte i skogen, spikka båtar, speler skodespel med venner og starta eiga avis med vennene sine. I sommarferien reiste ho på hytta i Hurum. I 1993 byrja ho på Gjetturn ungdomsskule. I løpet at ungdomsåra intereserte ho seg veldig for kampsport og jouralistikk. Ho fekk svart belte i 2. dan taekwondo og trente òg krav maga, kickboksing og thaiboksing.

Ho arbeida som redaksjonssjef og magasinredaktør i Egmont srie forlag i får 2003 til 2010 og arbeidar no i aftenposten kor ho er ansvalir for ungdomsdebattsida. I 2006 gav ho ut kaoskrigeren og i 2009 jenteloven. Ho gav òg ut novella 8 tegn på at han liker deg til novellesamlilnga WOW. Novella Sweet sixstenn blei utgitt i novellesamlinga nesten som året før etter i 2010.

Blod+vold+drap=Spenning?????????

BLODFEBER AV CHARLIE HIGSON
Denne boka var det litt for mykje vold, blod og drap i til at e glikte den. Det er ein ting at det er nokre få, men liksom at det plutselig blir eit drap og så eit til og så eit til og så kanskje 100 til er liksom liltt rart og urealistisk. For blod. vold og drap er ikkje heilt det same som spenning. Spening skapes ved å la lesaren sitje på pinebenken. Men boka handler om James Bond som reiser til Italia og handler opp med piratar, tjuvar og redder ei jente. Anbefales å lese.

It`s Monday! What are you reading? #1



Tjis is a Weekly meme made by Sheila on Bookjourney. You can tell what you have read last week, what you completed and what you read now and is planning to read this week. Join in.

Last week I only read two books and I have to be better than that. I hope I am going to be better this week.


Books I read last week
  • Mirakel by Renate Nedregård
  • Blodfeber by Charlie Higson

Books I finished last week

  • Mirakel by Renate Nedregård
  • Blodfeber by Charlie Higson

Book I read now

  • Ever-for alltid by Alyson Noël

Books I plan to read

  • The boy in striped pyjamas by John Boyne
  • første opptak by Karen Kingsbury

søndag 20. mars 2011

smakebit på ein søndag #2


BLODFEBER

Da han snudde seg for å gå under dekk, kjente han brått en skarp smerte i skulderen og slapp statuetten i dekket. Han virvlet rundt og så en korthåret jentunge på rundt fjorten år, kledd i badedrakt. Vannet dryppet av den tynne kroppen, og det unge ansiktet utstrålte en blanding av sinne og frykt.

Bli med på "En smakebit på søndag" du òg
  • opne boka du les i no
  • finn eit par setningar du kan dele med lesarane av bloggen (du må vere forsiktig, ikkje røp for mykje. Då kan det øydelegge for dei som har lyst å lese boka
  • Legg igjen linken til blogginlegget hjå Ladybug. Ho samlar alle smakebitane

lørdag 19. mars 2011

kor blei alle verdiane av??

MIRAKEL AV RENATE NEDREGÅRD
Dette er historia om ei stjerne som har kasta vekk alle verdiane. Dette er ei historie om kristne verdiar , plutselig brømmelse og sang. Denne historia viser kva plutselig berømmelse kan gjere med ein person og korleis personen kan forandre seg. Det er òg ei historie om kjærleik og venskap og om å gjere det rette.

Andbefales på det sterkaste!

valg 1. scene i kapittel ein, mi forteljing #1

Dette er første scene i ei forteljing som eg skriv sjølv om det er aknskje den beste starten eg har fått til på år og dag!


Eg sparkar hardt i frå med den eine skien, og kjenner den går opp litt bak meg. Eg kjem ennå ein meter fram og stakar samstundes frå med armane så mykje eg kan, før eg begynner å ta vanlige tak. Lufta er kald og kjølig mot andletet mitt og dei siste restane av sola for denne dagen har gått bak ein av dei høgaste haugane. Horisonten begynner så smått om senn å bli raudare og eg forstår at eg går min siste fem-kilometer på lenge på ski. Bak meg høyrer eg raske og effektive tak i takt med ski som heile tida sklir over bakken.
«Skal seie du går fort,» seier Joakim, når han kjem opp på sida av meg. Eg svarar ikkje, og bare går vidare. Eg skal nyte den siste runden på ski. Den siste på fleire månadar.
«Trur du ikkje det er på tide å komme oss heim etter denne runden Elisabeth?» spør han i eit forsøk på å få meg til å snakke med han igjen.
«Jo då,» mumlar eg sjølv som om eg aldri har tenkt tanken sjølv.
Eg veit så alt for godt at eg er litt frekk med han, særleg sidan det er vår siste skitur på veldig lang, lang tid. Eg rundar av ein sving og går ut av løypa for å signalisere til Joakim at han kan få renne ut utfor bakken først. Han tar hintet og smiler til meg, før han suser ned bakken. Ryggen og knea er bøygde og stavane står rett ut bak han. Dei lange beina ser mykje kortare ut når han suser utfor bakken sånn som no. Eg veit at om ei lita stund vil han reise seg opp i sin fulle høgde og vinke til meg med dei store hendene, for å signalisere at nå kan eg kjøre ned bakken. Han vil smile beroligande for å liksom seie «dette går bra Elisabeth.» Dei lange beina vil snuble ut til kanten av løypa, og armane vil flagre vilt når han prøver å halde balansen.
Eg legg all vekta på overkroppen framover og stakar i frå, før eg kjører nedover bakken som ein vind. Alt suser forbi og, og fargane glir inn i kvarandre så det er umulig å sjå kva som er kva. Eg kjenner lufttrykket presse mot ansiktet og håret flagre bakover i vinden. Kunne eg bare gjort dette der òg. Suse nedover bakkane mens alt eg uroar meg for blir gløymt. Eg rettar opp kroppen min ettersom farten tar litt av. Håret bles i vegen for auga og ei lita stund er alt eg kan sjå noko blondt og langt. Eg er langt i frå og kome så langt ned i bakken som Joakim, men etter litt staking så ser eg kroppen hans rage over meg. Det kvite Stormberg-merket på brystet hans lyser nesten mot den svarte bakgrunnen, og eg ser rett på det fordi han er så mykje høgare enn meg.
Eg snur meg litt vekk og held fram med å gå raskt bortover løypa som er kjørt opp. Det luggar litt i skia, men eg merkar det nesten ikkje. Kor tid vil eg neste gong kjenne denne herlige kjensla som når eg går på ski? Det er eit spørsmål som eg har stilt meg sjølv etter eg tok det valget eg tok. Det var så mykje som gjorde det vanskelig. Som for eksempel at eg ikkje veit kor tid eg vil få sjå Ingrid igjen...eller mor...eller Per Andreas. Kvifor må det vere så mange konsekvensar med kvart einaste stort valg ein tar i livet? Kvifor må det alltid vere så mykje me må gi slepp på når me får så mykje anna? Då eg spurte mor for nokre veker sidan sa ho berre «kvar gong det blir lukka ei dør blir det opna eit vindauge.» Det er eit sitat eg har høyrt så mange gonger før, men nesten aldri forstått tydinga av før nå.
Eg kjenner det begynner å svi i auga når eg tenker på det og det er nesten sånn at tårene drypper. Men bare nesten. Eg vil ikkje at Joakim skal få eit inntrykk av at eg angrar på valget mitt eit einaste minutt. Det er han som har sagt at eg ikkje kjem til å halde på det. At det er bare noko eg vil i ein fase av livet, og så snart kome tilbake. Og bare fordi eg er så sta og han trur så mykje på det han seier har eg bestemt meg for at denne gongen vinn eg. Eg skal gjere det.
Det tar bare nokre minutt å få skia inn i bilen og sette seg inn i skinnseta. Bilen er den beste duppedingsen Joakim har eigd i heile sitt liv og er alltid blankpolert. Han sender rattet og setene og giret eit blikk fullt av kjærleik før han vrir om nøkkelen og motoren startar.
Me kjører i stille ei lang stund. Eg ser bare på hendene hans som held eit fast grep om rattet og snur bilen sjølvsikkert nedover vegane. Det humpar og ristar litt og vegane snor seg som ein orm nedover. Det er eit snøparadis det kjører gjennom. Som om det skulle ha kome i frå eit eventyr eller fantasien min. Greinene bøyer seg av vekta av snøen som ligg oppå. Mykje av snøen har glidd nedover stammen, som er dekka av rim, og ned til bakken til ein stor snøhaug. Gjenskinet i frå sola glitrar som små perler i snøen. Det kjem nesten tårer i auga mine når eg tenker på kor lang tid det vil gå før eg neste gong får oppleve dette. Sola som neste er bak fjellet, men likevel lagar så flotte fargar i snøen når den skin på den, greinene som held på å knekke av vekta... Alt er sånn det skal vere akkurat no. Alt.
Eg ser ut av vindauge. Andletet mitt speiler seg i glaset. Det har dogga så det er ei lita hinne over. Eg tar opp peikefingeren og skriv «I <3>av Mai Lene

back again og lesemål for resten av mars 2011

Hei alle dei få som les bloggen min! No er eg tilbake igjen etter ein lang pause. Eg har faktisk gått så langt at eg ikkje har lest meir enn ei bok denne månaden, og ikkje lagt ut lesemål. Sist månad las eg alt som stod på planen og denne månaden så blir det òg litt lesemål, men kanskje eg ikkje rekk å gjere ferdig alle, men her er dei:

  • blodfeber, CHARLIE HIGSON
  • ever-for alltid, ALYSON NOËL
  • gutten i stripete pyjamas, JOHN BOYNE
Kanskje det blir fleire. Rg har allereie lest Mirakel av Renate Nedregård. Du finn melding av boka her på bloggen under etikettane ungdomsroman og bok

søk i bloggen min

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...